Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 82

1 Ein salme av Asaf. Gud stend i Guds samling; midt imillom gudar held han dom:

2 «Kor lenge vil de døma rangt og halda med dei ugudlege? Sela.

3 Døm den ringe og farlause! Lat armingen og den fatige få sin rett!

4 Berga den ringe og fatige, frels han frå handi åt dei ugudlege!

5 Dei veit inkje og skynar inkje, dei ferdast i myrker; alle grunnvollar til jordi ruggar.

6 Eg hev sagt: «De er gudar, søner til den Høgste er de alle.»

7 Men sanneleg, som menneskje skal de døy, og som ein av hovdingarne skal de falla.»

8 Statt upp, Gud, haldt dom yver jordi! For du eig alle heidningar.

Continuar Lendo