Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 67

1 Til songmeisteren på strengleik; ein salme, ein song.

2 Gud vere oss nådig og velsigne oss, han late si åsyn lysa hjå oss – Sela –

3 so dei må kjenna din veg på jordi, di frelse hjå alle heidningar.

4 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.

5 Folkeslagi skal gledast og fagna seg høgt; for du dømer folki med rett, og folkeslagi på jordi leider du. Sela.

6 Folki skal prisa deg, Gud, folki skal prisa deg alle saman.

7 Landet hev gjeve si grøda; Gud, vår Gud velsignar oss. Gud velsignar oss, og alle heimsens endar skal ottast honom.

Continuar Lendo