Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 22

1 Til songmeisteren etter «Morgonraudens hind»; ein salme av David.

2 Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg? Dei ord eg skrik ut, er langt burte frå mi frelsa.

3 Min Gud! eg ropar um dagen, og du svarar meg ikkje, og um natti, og eg fær ikkje tegja.

4 Og du er då heilag, du som bur yver Israels lovsongar.

5 På deg leit våre feder; dei leit på deg, og du frelste deim.

6 Til deg ropa dei og slapp undan; på deg leit dei og vart ikkje til skammar.

7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann, ei spott for menneskje og vanvyrd av folk.

8 Alle som ser meg, spottar meg, rengjer munnen og rister på hovudet og segjer:

9 «Legg det på Herren! han frelse honom, han berge honom, sidan han hev hugnad i honom!»

10 Ja, du er den som drog meg fram frå morslivet, som let meg kvila trygt ved morsbrjostet.

11 På deg er eg kasta frå morslivet, frå morsfanget er du min Gud.

12 Ver ikkje langt burte frå meg! for trengsla er nær, for det finst ingen hjelpar.

13 Sterke uksar ringar meg inne, Basans stutar kringset meg.

14 Dei spilar upp sitt gap imot meg, som ei flengjande og burande løva.

15 Eg er runnen ut som vatn, og alle mine bein skilst frå kvarandre; mitt hjarta hev vorte voks, smolte inst i mitt liv.

16 Mi kraft er uppturka som eit krusbrot, mi tunga kleimer seg til min gom, og du legg meg ned i daudens dust.

17 For hundar hev sanka seg um meg, ein hop av illmenne kringsett meg; dei hev gjenombora mine hender og mine føter.

18 Eg kann telja alle mine bein; dei skodar til, dei ser på meg med lyst.

19 Dei skifte mine klæde millom seg og kasta lut um min kjole.

20 Men du, Herre, ver ikkje langt burte, du min styrke, skunda deg å hjelpa meg!

21 Fria mi sjæl frå sverdet, mi einaste frå hundevald!

22 Frels meg frå løvegap, og frå villukse-horn – du bønhøyrer meg!

23 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i ålmugen vil eg lova deg.

24 De som ottast Herren, lova honom, all Jakobs ætt, æra honom, og hav age for honom, all Israels ætt!

25 For han hev ikkje vanvyrdt og ikkje stygst ved ein armings armodsdom, og ikkje løynt si åsyn for honom; men då han ropa til honom, høyrde han.

26 Frå deg kjem min lovsong i ein stor ålmuge; eg vil avgjera mine lovnader for deira augo som ottast honom.

27 Dei audmjuke skal eta og verta mette; dei som søkjer Herren, skal lova honom. Dykkar hjarta live til æveleg tid!

28 Alle endarne av jordi skal koma det i hug og venda um til Herren, og alle heidninge-ætter skal tilbeda for di åsyn.

29 For riket høyrer Herren til, og han råder yver alle hedningarne.

30 Alle rikmenner på jordi skal eta og tilbeda; for hans åsyn skal dei bøygja kne, alle dei som stig ned i dusti, og den som ikkje kann halda si sjæl i live.

31 Etterkomarar skal tena honom; det skal verta fortalt um Herren til den komande ætt. Dei skal koma og forkynna hans rettferd for det folk som vert født, at han hev gjort det.

Continuar Lendo