Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 76

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av Asaf, ein song.

2 Gud er kjend i Juda, i Israel er hans namn stort.

3 Han bygde si hytta i Salem og sin bustad på Sion.

4 Der braut han sund ljoni frå bogen, skjold og sverd og ufred. Sela.

5 Strålande er du, herleg framfor rans-bergi.

6 Dei hjarte-sterke menner hev vorte plundra, dei søv sin svevn, og ingen av kjemporne fann sine hender.

7 Ved ditt trugsmål, Jakobs Gud, vart både vogn og hest djupt svævde.

8 Du – skræmeleg er du, og kven kann standa for di åsyn når du vert vreid?

9 Frå himmelen let du høyrast dom; jordi ræddast og vart still

10 då Gud stod upp til dom, til å frelsa alle spaklyndte på jordi. Sela.

11 For manne-harm må prisa deg, med endå større harm gyrder du deg.

12 Gjer lovnad og haldt det de lova til Herren, dykkar Gud! Alle kring honom skal føra gåvor til den skræmelege. Han staggar stormodet hjå hovdingar, han er skræmeleg for kongarne på jordi.

Continuar Lendo