Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 60

1 Til songmeisteren, etter «Vitnemålslilja»; ein miktam av David til å læra,

2 då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.

3 Gud, du hev støytt oss burt, du hev rive oss sund, du hev vore vreid, kveik oss upp att!

4 Du hev fenge landet til å skjelva og rivna; bøt du bresterne, for det stend ikkje stødt!

5 Du hev late ditt folk sjå harde ting, du hev skjenkt oss vin so me tumla.

6 Men du hev gjeve deim som ottast deg eit merke til å hevja seg for sanning skuld. Sela.

7 At dei du elskar må verta frelste, so hjelp oss no med di høgre hand, og bønhøyr oss!

8 Gud hev tala i sin heilagdom: «Eg vil gleda meg, eg vil skifta ut Sikem, og Sukkotdalen vil eg mæla.

9 Meg høyrer Gilead til, og meg høyrer Manasse til, og Efraim er verja for mitt hovud, Juda er min førarstav.

10 Moab er mitt vaskarfat, på Edom kastar eg skoen min; ropa høgt for meg, du Filistarland!»

11 Kven vil føra meg til den faste by? Kven leider meg til Edom?

12 Hev ikkje du, Gud, støytt oss burt? og du, Gud, gjeng ikkje ut med våre herar? Gjev oss hjelp imot fienden, for mannehjelp er fåfengd! Med Guds hjelp skal me gjera storverk, og han skal treda ned våre fiendar.

Continuar Lendo