Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 120

1 Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.

2 Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga!

3 Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?

4 Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska.

5 Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld!

6 Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred.

7 Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.

Continuar Lendo