Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 45

1 Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik.

2 Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.

3 Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.

4 Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!

5 Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.

6 Din piler er kveste – so folk fell under deg – dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.

7 Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.

8 Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.

9 Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.

10 Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.

11 Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,

12 og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.

13 Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor – dei rikaste av folket.

14 Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.

15 I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.

16 Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.

17 I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi. Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.

Continuar Lendo