Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 129

1 Ein song til høgtidsferderne. Mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom – so segje Israel

2 mykje hev dei trengt meg alt ifrå min ungdom; men dei hev ikkje fenge bugt med meg.

3 På min rygg hev pløgjarar pløgt, dei hev gjort sine forer lange.

4 Herren er rettferdig, han hev hogge av reipi til dei ugudlege.

5 Dei skal skjemmast og vika attende alle som hatar Sion.

6 Dei skal verta som gras på taki, som visnar fyrr det fær veksa;

7 slåttaren fær ikkje handi full, og bundelbindaren ikkje eit fang.

8 Og dei som gjeng framum, segjer ikkje: «Herrens velsigning vere yver dykk, me velsignar dykk i Herrens namn!»

Continuar Lendo