Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 56

1 Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat.

2 Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.

3 Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.

4 Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.

5 Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?

6 Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.

7 Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.

8 Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!

9 Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?

10 Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.

11 Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.

12 Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?

13 Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg. For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.

Continuar Lendo