Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 124

1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, – so segje Israel

2 hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss,

3 so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss,

4 so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl,

5 so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni.

6 Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner!

7 Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan.

8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.

Continuar Lendo