Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 30

1 Ein salme, ein song då huset vart vigt av David.

2 Høgt vil eg lova deg, Herre, for du hev drege meg upp og ikkje late mine fiendar gleda seg yver meg.

3 Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.

4 Herre, du hev ført meg upp frå helheimen, du hev vakt meg upp til liv frå deim som fer ned i gravi.

5 Syng lov til Herren, de hans trugne, og prisa hans heilage namn!

6 For ein augneblink varer hans vreide, ei heil levetid hans nåde; um kvelden kjem gråt til gjest, men til morgons vert det gledesong.

7 Men eg sagde i min tryggleik: «Eg skal ikkje verta rikka i all æva.»

8 Herre, ved din nåde hadde du grunnfest mitt fjell; du løynde di åsyn, då vart eg forfærd.

9 Til deg, Herre, ropa eg, og til Herren bad eg inderleg:

10 «Kva vinning er det i mitt blod, i at eg fer ned i gravi? Kann mold prisa deg, forkynna din truskap?

11 Herre, høyr og ver meg nådig! Herre, ver min hjelpar!»

12 Du vende mi sorg um til dans for meg, du klædde av meg min syrgjebunad og gyrde meg med gleda, so mi æra kann lovsyngja deg og ikkje tagna. Herre, min Gud, eg vil æveleg prisa deg.

Continuar Lendo