Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 42

1 Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born.

2 Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud.

3 Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn?

4 Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»

5 Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.

6 Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit.

7 Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell.

8 Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.

9 Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.

10 Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?»

11 Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?» Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.

Continuar Lendo