Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 4

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein salme av David.

2 Når eg ropar, so svara meg, du Gud som er rettferd! I trengsla hev du gjeve meg rom; ver meg nådig og høyr mi bøn!

3 De velduge menner Kor lenge skal mi æra vera til skam? Kor lenge vil de elska fåfengd, fara etter lygn? Sela.

4 Vit då, at Herren fer underleg med den som er etter hans ynde! Herren høyrer, når eg ropar til honom.

5 Harmast, men synda ikkje! Tenk etter i dykkar hjarta på dykkar lægje, og ver stille! Sela.

6 Ber fram rettferds offer, og set dykkar lit til Herren!

7 Mange segjer: «Kven vil syna oss noko godt?» Lyft du yver oss ljoset frå di åsyn, Herre!

8 Du hev gjeve meg større gleda i mitt hjarta enn dei hev når deira korn og vin fell rikeleg. I fred vil eg både leggja meg og sovna; for du, Herre, let meg einsaman bu i trygd.

Continuar Lendo