Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 123

1 Ein song til høgtidsferderne. Til deg lyfter eg augo mine, du som sit i himmelen.

2 Sjå, som augo til tenarar skodar på handi åt herrarne sine, som augo til tenestgjenta på handi åt frua si, soleis skodar våre augo upp til Herren, vår Gud, til dess han vert oss nådig.

3 Ver oss nådig, Herre, ver oss nådig! for me er ovleg metta med vanvyrdnad.

4 Ovleg metta er vår sjæl med spott ifrå dei kaute, med vanvyrdnad frå valdsmenner.

Continuar Lendo