Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 66

1 Til songmeisteren; ein song, ein salme. Ropa fagnadrop for Gud, all jordi!

2 Syng ut hans namns æra, gjev honom æra til hans pris!

3 Seg til Gud: «Kor skræmelege dine verk er! For di store magt skuld må dine fiendar gjøla for deg.

4 All jordi skal tilbeda deg og syngja deg lov, dei skal syngja um ditt namn.» Sela.

5 Kom og sjå Guds gjerningar! Skræmeleg er han i gjerning mot menneskjeborni.

6 Han gjorde havet um til turrlende, gjenom elvi gjekk dei til fots; der gledde me oss i honom.

7 Han råder med sitt velde æveleg, hans augo gjæter heidningarne; dei tråssuge må ikkje upphøgja seg. Sela.

8 De folk, lova vår Gud, og lat røysti av hans lovsong verta høyrd!

9 han som heldt vår sjæl i live, og ikkje let vår fot vera ustød.

10 For du prøvde oss, Gud, du reinsa oss, som dei reinsar sylv.

11 Du førde oss inn i eit garn, du lagde ei tyngjande byrd på våre lender.

12 Du let menneskje fara yver vårt hovud, me kom i eld og vatn – men du førde oss ut til uppkveikjing.

13 Eg vil ganga inn i ditt hus med brennoffer; eg vil gjeva deg det eg hev lova,

14 det som gjekk yver mine lippor, og som munnen min tala ut då eg var i naud.

15 Brennoffer av feite sauer vil eg ofra til deg med eim av verar, eg vil ofra både uksar og bukkar. Sela.

16 Kom og høyr, so vil eg fortelja, alle de som ottast Gud, kva han hev gjort for mi sjæl.

17 Til honom ropa eg med min munn, og lovsong var på tunga mi.

18 Hadde eg stila på urett i mitt hjarta, vilde Herren ikkje høyra.

19 Men Gud hev høyrt, han lydde på mi bønerøyst.

20 Lova vere Gud, som ikkje viste mi bøn ifrå seg og ikkje tok frå meg si miskunn!

Continuar Lendo