Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 85

1 Til songmeisteren; av Korahs born, ein salme.

2 Herre, du hev vore nådig mot landet ditt, du hev gjort vending i Jakobs fangeskap.

3 Du hev teke burt ditt folks skuld, du hev breidt yver alle deira synder. Sela.

4 Du hev teke burt all din harm, du hev vendt deg frå din brennande vreide.

5 Vend um til oss, vår Frelse-Gud, og gjer ende på din uvilje imot oss!

6 Vil du æveleg vera vreid på oss? Vil du lata din vreide vara frå ætt til ætt?

7 Vil ikkje du gjera oss livande att, so ditt folk kann gleda seg i deg?

8 Herre, lat oss sjå di miskunn, og gjev oss di frelsa!

9 Eg vil høyra kva Gud Herren talar, for han talar fred til sitt folk og til sine trugne – berre dei ikkje vender um att til dårskap.

10 Ja, hans frelsa er nær deim som ottast honom, so herlegdom skal bu i vårt land.

11 Miskunn og truskap skal møta kvarandre, rettferd og fred kyssa kvarandre.

12 Truskap skal renna upp av jordi, og rettferd skoda ned frå himmelen.

13 Herren skal og gjeva det som gode, og vårt land skal gjeva si grøda. Rettferd skal ganga fyre honom og gjera hans fotspor til sin veg.

Continuar Lendo