Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 83

1 Ein song, ein salme av Asaf.

2 Gud, teg ikkje! haldt deg ikkje still og roleg, Gud!

3 For sjå, dine fiendar bråkar, og dei som hatar deg, lyfter hovudet!

4 Mot ditt folk legg dei sløge råder, og dei samråder seg mot deim som du tek vare på.

5 Dei segjer: «Kom, lat oss rydja deim ut, so dei ikkje lenger er eit folk! og Israels namn skal ingen meir koma i hug!»

6 For dei hev av hjarta samrådt seg, mot deg gjeng dei i pakt.

7 Edoms tjeld og ismaelitarne, Moab og hagarenarne,

8 Gebal og Ammon og Amalek, Filistarland med deim som bur i Tyrus.

9 Ogso Assur hev gjenge i lag med deim, han låner sin arm til Lots søner. Sela.

10 Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!

11 Dei vart øydelagde ved En-Dor, dei vart til møk på marki.

12 Far med deim, deira fremste menner, som med Oreb og Ze’eb, og med alle deira hovdingar som med Zebah og Salmunna!

13 deim som segjer: «Lat oss hertaka Guds bustader!»

14 Min Gud, gjer deim som ein dustkvervel, som agner for vinden!

15 Lik ein eld som brenn ein skog, lik ein loge som set eld på fjell,

16 soleis forfylgje du deim med din storm og skræme deim med ditt uver!

17 Fyll deira andlit med skam, at dei må søkja ditt namn, Herre!

18 Lat deim skjemmast og skræmast æveleg og alltid, lat dei verta skjemde og ganga til grunnar! Og lat deim få vita, at einast du hev namnet Herre, den Høgste yver heile jordi!

Continuar Lendo