Connect with us

Bíblia NORSMB

Salmos 81

1 Til songmeisteren, etter Gittit; av Asaf.

2 Syng med fagnad for Gud, vår styrke! Ropa med gleda for Jakobs Gud!

3 Set i med song, og lat trumma høyrast, den væne cither med harpa!

4 Blås i lur ved nymåne, ved fullmåne på vår høgtidsdag!

5 For det er ei lov for Israel, ein rett for Jakobs Gud.

6 Han sette det til eit vitnemål i Josef då han drog ut gjenom Egyptarland. – Eit mål som eg ikkje kjende, høyrde eg:

7 «Eg løyste hans oksl frå byrdi, hans hender vart frie frå berekorgi.

8 I trengsla ropa du, og eg fria deg ut, eg svara deg, løynd i toresky, eg prøvde deg ved Meribavatni. Sela.

9 Høyr, mitt folk, so vil eg vitna for deg! Israel, gjev du vilde høyra på meg!

10 Det skal ikkje finnast nokon annan gud hjå deg, og du skal ikkje tilbeda ein framand gud.

11 Eg er Herren, din Gud, som førde deg upp frå Egyptarland, lat munnen vidt upp, at eg kann fylla honom!

12 Men folket mitt høyrde ikkje på mi røyst, og Israel vilde ikkje lyda meg.

13 So let eg deim fara med sitt harde hjarta, at dei kunde ganga i sine eigne råder.

14 Gjev mitt folk vilde høyra på meg, gjev Israel vilde vandra på mine vegar!

15 Snart skulde eg då bøygja deira fiendar, eg skulde venda mi hand imot deira motstandarar.

16 Dei som hatar Herren, skulde høla honom, og deira tid skulde vara æveleg. Og eg skulde føda honom med den beste kveite, og frå berget skulde eg metta deg med honning.»

Continuar Lendo