Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 17

1 Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att.

2 Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja.

3 Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva?

4 Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim.

5 Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på.

6 Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni.

7 Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge.

8 Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg.

9 Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann.

10 Men de – kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk.

11 Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.

12 Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer.

13 Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng.

14 Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!»

15 Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då?

16 Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.»

Continuar Lendo