Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 18

1 Då tok Bildad frå Suah til ords og sagde:

2 «Kor lenge driv de jagt på ord? Gjev gaum, lat oss so talast ved!

3 Kvi skal me reknast liksom fe, som ureine i dykkar augo?

4 Å, du som riv deg sund i sinne, skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?

5 Men sløkt vert ljoset for den vonde, og hans åre-eld skal ikkje skina.

6 I tjeldet hans vert ljoset myrkt, og lampa sloknar yver han.

7 Hans sterke stig vert snævra inn; han snåvar yver sine planar.

8 Hans fot vert fløkt i garnet inn, og upp i netet ferdast han;

9 og snara triv um hælen hans, og gildra tek på honom fat.

10 I jordi løynde gildror lurer, og fellor ventar på hans veg.

11 Og rædslor trugar rundt ikring og skræmer han for kvart eit stig.

12 Ulukka hungrar etter han, og vondt vil føra han til fall,

13 vil eta kvar ein led og lem, ja, det vil daudens eldste son.

14 Hans trygd er rivi frå hans tjeld; du sender han til rædsle-kongen.

15 I huset hans bur framande, det vert strått svåvel på hans bustad.

16 Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.

17 Hans minne kverv frå jordi burt, og namnlaus vert han vidt og breidt.

18 Frå ljos til myrker driv dei honom og jagar han frå landi burt.

19 Han barnlaus vert i eige folk; i heimen hans slepp ingen undan.

20 Og vestmenn støkk for dagen hans, og austmenn vert av rædsla slegne.

21 Just soleis gjeng det nidings hus, den heim der ingen kjenner Gud.»

Continuar Lendo