Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 4

1 Då tok Elifaz frå Teman til ords og sagde:

2 «Vert du vel tykkjen um eg talar? Men kven kann halda ordi inne?

3 På rette veg du førde mange; dei trøytte hender styrkte du;

4 med ord du hjelpte deim som snåva, og gav dei veike knei kraft.

5 Men når det gjeld deg sjølv, du klagar; når deg det råkar, ræddast du!

6 Di von du på di gudstru bygde og sette lit til last-laust liv.

7 Tenk etter: Når vart skuldlaus tynt? Når gjekk rettvis mann til grunns?

8 Stødt fann eg: dei som urett pløgde, og sådde naud, dei hausta slikt;

9 dei stupte for Guds andedrag, gjekk for hans vreidestorm til grunns.

10 Ja, løva skrik, og villdyr burar; ungløva fær sin tanngard knekt;

11 og løva døyr av skort på rov; løvinna misser sine ungar.

12 Ein løynleg tale til meg kom; i øyra mitt det stilt vart kviskra,

13 som tankar i eit nattsyn kjem, når svevnen tung på folki kviler.

14 Det kom ei rædsla yver meg, ei skjelving gjenom alle lemer;

15 ein gust meg yver panna strauk, og på min kropp seg håri reiste;

16 og noko stogga for mi åsyn; eg kunde ikkje klårt skilja; framfor mitt auga stod eit bilæt’, eg høyrde som ei røyst som kviskra:

17 «Hev menneskjet vel rett for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?

18 Han sine tenarar ei trur og finn hjå sine englar lyte –

19 enn meir hjå folk i hus av leir; hjå deim som hev sin grunn i moldi, ein kann deim krasa, som eit mol.

20 Dei er frå morgon og til kveld; ein krasar deim – kven merkar det? – Og dei vert ikkje funne meir.

21 Når deira tjeldsnor vert rykt upp, dei døyr og ingen visdom fær.»

Continuar Lendo