Connect with us

Bíblia NORSMB

Jó 39

1 Gjeng du for løva etter rov og gjev ungløvor deira mette,

2 medan dei gøymer seg i holor og ligg på lur i busk og kjørr?

3 Kven yter ramnen føda hans, når upp til Gud hans ungar ropar og flakkar kringum utan mat?

4 Steingeiti, veit du når ho kidar? Vaktar du riderne åt hindi?

5 Tel måna’rne dei gjeng med unge, og kjenner du deira fødetid?

6 Dei bøygjer seg, fø’r sine ungar, so er det slutt med deira rider.

7 På marki kidi veks seg store, spring burt og kjem ’kje att til deim.

8 Kven let villasnet renna fritt, tok bandet av det skjerre dyr,

9 som eg gav øydemark til heim, den salte steppa til ein bustad?

10 Det lær åt byen med sitt ståk, slepp høyra skjenn frå drivaren.

11 Det finn seg beite millom fjell, og leitar upp kvart grøne strå.

12 Skal tru villuksen vil deg tena, og natta yver ved di krubba?

13 Kann du til fori honom tøyma, horvar han dalar etter deg?

14 Lit du på honom for hans styrke? Og yverlet du han ditt arbeid?

15 Trur du han til å føra grøda heim og draga henne inn i løda?

16 Struss-hoa flaksar kåt med vengen, men viser fjør og veng morskjærleik?

17 Nei, ho legg sine egg på jordi, og let so sanden verma deim;

18 ho gløymer at ein fot kann treda og villdyr trakka deim i kras.

19 Hardt fer ho åt med sine ungar, som var dei ikkje hennar eigne; for fåfengt stræv ho ikkje ræddast.

20 For Gud let henne gløyma visdom, han ei tiletla henne vit.

21 Men når ho baskar seg i veg, ho lær åt både hest og mann.

22 Skal tru um du gjev hesten kraft og klæder halsen hans med mån?

23 Let du han som grashoppen springa alt med han frøser skræmeleg.

24 Glad i si kraft han marki skrapar og fer so fram mot væpna flokk.

25 Han urædd er og lær åt rædsla, for sverdet ei han vender um,

26 det skranglar pilhus yver honom, det blenkjer spjot til styng og skot.

27 Med ståk og bråk han slukar jordi, ustyrleg når stridsluren gjeng.

28 Han kneggjar: «Hui!» når luren læt, han verar striden langan leid, med skrik frå hovdingar og herrop!

29 Flyg hauken upp ved ditt forstand og spilar vengjerne mot sud?

30 Stig ørnen høgt av di du byd, og byggjer reiret sitt i høgdi? Han bur på berg og held seg der, på kvasse tind og høge nut. Derfrå han spæjar etter mat, hans augo yver viddi skodar. Hans ungar gløypar i seg blod; der det finst lik, der er han og.» Og Herren svara Job og sagde: «Vil klandraren med Allvald trætta? Lat han som lastar Gud då svara!» Då svara Job Herren og sagde: «For ring eg er; kva skal eg svara? Eg handi legg på munnen min. Ein gong eg tala, no eg tegjer, tvo gong’ – eg gjer det ikkje meir.»

Continuar Lendo