Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 9

1 Og han ropa med sterk røyst og sagde: «Kom hit med heimsøkjingar yver byen, kvar med si tynar-ambod i hand!»

2 Og sjå, seks menner på vegen gjenom Øvreporten, som snur mot nord, kvar med si krasar-ambod i handi, og ein av deim hadde ein linklædnad på og eit skrivestell ved lendi. Og dei kom inn og vart standande attmed koparaltaret.

3 Og herlegdomen åt Israels Gud lyfte seg upp frå keruben som han var yver, og flutte seg til dørstokken på huset. Og han ropa åt mannen i linklædnaden, som hadde skrivestellet ved lendi.

4 Og Herren sagde med han: «Gakk midt igjenom byen, midt igjenom Jerusalem, og set eit merke i panna på dei menner som sukkar og styn yver alle dei styggjor som vert gjorde der inne!»

5 Og han sagde med hine, so eg høyrde på: «Gakk igjenom byen etter honom og slå ned! Lat ikkje dykkar augo spara, og gjer ikkje miskunn!

6 Gamle og sveinar og møyar og småborn og kvinnor skal de drepa og tyna; men rør ikkje nokon av deim som hev merke på, og frå min heilagdom skal de taka til.» Og dei tok til med dei gamle menner som var framfor huset.

7 Og han sagde med deim: «Gjer huset ureint og fyll fyregarden med drepne menner! Far ut!» Og dei for ut og slo ned i byen.

8 Og då dei slo ned, og eg vart verande der, fall eg å gruve på mitt andlit og ropa og sagde: «Å, å! Herre, Herre! Vil du tyna alt som er leivt i Israel, når du renner ut din harm yver Jerusalem?»

9 Då sagde han med meg: «Misgjerningi åt Israels-lyden og Juda er stor, ovstor, og landet er fullt av blod, og byen er full av rengjing av retten. For dei segjer: «Herren hev vendt seg ifrå landet, og Herren ser det ikkje.»

10 So vil då ikkje heller eg lata mitt auga spara, og miskunn gjer eg ikkje; deira åtferd vil eg leggja på deira hovud.»

11 Og sjå, mannen i linklædnaden som hadde skrivestellet ved lendi, kom tilbake med svar og sagde: «Eg hev gjort som du baud meg.»

Continuar Lendo