Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 32

1 So hende i det tolvte året, den fyrste dagen i tolvte månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Farao, egyptarkongen, og seg til honom: Ei ungløva millom folki vilde du vera lik, og so var du som draken i havet, og du for fram i elvarne dine, og grugga upp vatnet med føterne dine og rota upp straumarne.

3 So segjer Herren, Herren: Eg vil då breida ut garnet mitt yver deg i ei samling av mange folkeslag, og dei skal draga deg upp med noti mi.

4 Eg vil kasta deg upp på land og burt på marki vil eg slengja deg, og eg vil gjeva alle himmelens fuglar tilhelde på deg og lata dyri på heile jordi metta seg med deg.

5 Eg vil kasta kjøtet ditt upp på fjelli og fylla dalarne med den store skrotten din.

6 Og eg vil vatna landet som du sym i med blodet ditt, heilt upp til fjelli, og bekkjefari skal verta fulle av deg.

7 Og når let deg slokna, vil eg breida yver himmelen og klæda hans stjernor i svart, yver soli vil eg breida skyer, og månen skal ikkje skina med sitt skin.

8 Alle skinande himmelljos vil eg klæda i svart for di skuld, og eg vil leggja myrker på landet ditt, segjer Herren, Herren.

9 Og eg vil lata mange folkeslag gremmast i hjarta, når eg gjer tjonet på deg kunnigt millom folki i land som du ikkje kjenner.

10 Eg vil gjera mange folkeslag forfærde yver deg, og deira kongar skal rysja i holdet yver deg, når eg svingar mitt sverd framfor augo deira, og dei skal bivra kvar augneblink, kvar og ein for sitt liv, den dagen du fell.

11 For so segjer Herren, Herren: Sverdet åt Babel-kongen skal koma yver deg.

12 Di ståkande hop vil eg lata falla for sverdi at kjempor, valdsmenner millom folki alle saman. Og dei skal tyna Egyptarlands ovmod, og all den ståkande hopen skal verta øydd.

13 Og eg vil rydja ut alt feet frå dei mange vatni, og ingen manns fot skal heretter grugga deim, og ingi ku-klauv skal grugga deim.

14 Då vil eg lata vatni deira minka og løkjerne deira renna som olje, segjer Herren, Herren,

15 når eg legg Egyptarlandet i øyde og audn – eit tomt land, av di eg slær ned alle som i det bur. Og dei skal sanna at eg er Herren.

16 Ein syrgjesong er dette, og syngja honom skal dei, folke-døtterne skal syngja honom; um Egyptarland med si ståkande mengd skal dei kveda det, segjer Herren, Herren.

17 So hende det i det tolvte året, den femtande dagen i månaden, at Herrens ord kom til meg; han sagde:

18 Menneskjeson! Barma deg yver Egyptarlands ståkande mengd og send henne ned, henne og døtterne åt herlege folkeslag, til nedheimen med deim som fer i gravi.

19 Kven gjeng du no framum i vænleik? Far ned og få deg læger millom u-umskorne.

20 Ibland sverdslegne menner skal dei falla. Sverdet er gjeve; drag henne burt og heile hennar ståkande mengd!

21 Velduge millom kjempor skal tala um honom og hans hjelpesmenner midt utor helheimen: «Ned er dei farne, der ligg dei, dei u-umskorne, slegne i hel med sverd.»

22 Der er Assur og heile hans lyd, rundt kringum honom er hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd.

23 Han fekk sine graver inst inni hola, og hans lyd er rundt kringum hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd, dei som breidde ut skræmsla i landet åt dei livande.

24 Der er Elam og heile hans ståkande mengd, rundt kringum hans graver; alle er dei slegne i hel, falne for sverd, dei som u-umskorne for ned til nedheimen, dei som breidde ut skræmsla i landet åt dei livande, og bar si skam med deim som fer ned i gravi.

25 Midt imillom drepne menner gav dei honom læger med heile hans ståkande mengd, rundt ikringum honom er hans graver. Alle er dei u-umskorne, slegne i hel med sverd, di at dei breidde ut skræmsla i landet åt dei livande, og dei bar si skam med deim som for ned i gravi; midt imillom drepne menner vart han lagd.

26 Der er Mesek-Tubal og heile hans ståkande mengd, rundt kringum honom er hans graver. Alle er dei u-umskorne, slegne i hel med sverd, di at dei breidde ut skræmsla i landet åt dei livande.

27 Skulde dei då ikkje liggja hjå kjempor, hjå dei falne av dei u-umskorne, som for ned i helheimen med sin stridsbunad og fekk sverdi sine lagde under sine hovud, og misgjerningarne sine yver sine bein, for dei hadde vore ei skræmsla for kjempor i landet åt dei livande?

28 Og du, midt ibland u-umskorne skal du verta krasa, og du skal liggja hjå deim som er slegne i hel med sverd.

29 Der er Edom med sine kongar og alle sine fyrstar, som, med alt sitt velde, er lagde hjå deim som er slegne i hel med sverd. Dei skal liggja hjå dei u-umskorne, og hjå deim som fer ned i gravi.

30 Der er fyrstarne frå Norderland alle saman, og alle Sidon-buarne som for ned med drepne menner og vart til skammar, endå dei i sitt velde hadde vore til skræmsla, og u-umskorne fekk dei læger hjå dei som var slegne i hel med sverd. Og dei bar si skam med deim som fer ned i gravi.

31 Deim skal Farao sjå, og huggast yver all si ståkande mengd. Slegne i hel med sverd er Farao og heile hans her, segjer Herren, Herren.

32 For eg breidde ut rædsla for honom i landet åt dei livande. Og han skal verta lagd hjå dei u-umskorne, med deim som er slegne i hel med sverd, Farao og all hans ståkande mengd, segjer Herren, Herren.

Continuar Lendo