Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 35

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Se’irfjellet og spå imot det.

3 Og du skal segja med det: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg vil finna deg, Se’irfjell, og eg vil retta ut mi hand imot deg og leggja deg i audn og øyde.

4 Byarne dine vil eg gjera til steinrøysar, og du sjølv skal verta ei audn. Og du skal sanna at eg er Herren.

5 Etter di du ber på ein æveleg fiendskap og let Israels-borni koma under sverds-egg i deira usæletid, den tidi då misgjerningi laut enda,

6 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, til blod vil eg gjera deg, og blod skal søkja på deg. Sidan du ikkje hev hata blod, so skal blod søkja på deg.

7 So vil eg då leggja Se’irfjellet i audn og øyde, og eg vil rydja ut or det både komande og farande.

8 Og eg vil fylla fjelli med slegne menner. På dine haugar og i dine dalar og i alle dine gil skal menner falla, slegne med sverd.

9 Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byarne dine skal ikkje atter verta bustader, og de skal sanna at eg er Herren.

10 For di du sagde: «Båe folki og båe landi skal verta mine, og eg vil taka deim til eiga,» endå Herren hev vore der,

11 difor, so sant eg liver, segjer Herren, Herren, vil eg gjera med deg etter den vreiden og ovundi som du hev synt i ditt hat imot deim, og eg skal verta kjend hjå deim når eg dømer deg.

12 Og du skal sanna at eg Herren. Eg hev høyrt alle hæde-ordi dine, som du hev tala mot Israelsfjelli, då du sagde: «Dei er i øyde lagde! dei er gjevne åt oss til mat.»

13 Og de hev bruka munnen mot meg i ovmod og var ordrame mot meg; eg hev nok høyrt det.

14 So segjer Herren, Herren: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde.

15 Likeins som du fagna deg yver arvluten åt Israels-lyden, at han vart avøyd, so vil eg gjera med deg; til audn skal du verta, du Se’irfjell, og alt Edom – alt i hop, og dei skal sanna at eg er Herren.

Continuar Lendo