Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 28

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Menneskjeson! Seg med fyrsten i Tyrus: So segjer Herren, Herren: Av di at ditt hjarta ovmodar seg, og du segjer: «Eg er ein gud, i Guds høgsæte sit eg midt i havet,» og du er menneskje og ingen gud, endå du set ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta

3 – sjå, visare enn Daniel er du; ingen løyndom kann dei dylja for deg;

4 med din visdom og ditt vit hev du vunne deg rikdom og samla gull og sylv i dine skattkammer;

5 med din store klokskap i handel hev du auka rikdomen din, og ditt hjarta ovmoda seg av din rikdom –

6 difor, so segjer Herren, Herren: Av di du sette ditt hjarta jamgodt med Guds hjarta,

7 sjå, difor let eg framande koma yver deg, valdsmennerne millom folki, og dei skal draga ut sverdi sine mot din høgprude visdom og vanhelga di pryd.

8 I gravi skal dei støypa deg ned, og du skal døy ihelslegen manns daude midt uti havet.

9 Skal tru du då vil segja: «Eg er ein gud,» beint uppi syni på din banemann, endå du er eit menneskje og ingen gud i handi på din dråpsmann?

10 Som u-umskorne døyr, so skal du døy for framandmanns hand; for eg hev tala, segjer Herren, Herren.

11 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

12 Menneskjeson! Set i med ein syrgjesong yver Tyrus-kongen! Og du skal segja med honom; so segjer Herren, Herren: Du som var innsigle på den vel tilmåta bygnaden, full av visdom og fullkomen vænleik:

13 I Eden, Guds hage, var, yverstrådd med dyre steinar av alle slag: Karneol, topas og demant, krysolit, onyks og jaspis, safir, karfunkel, smaragd og gull. Arbeid i drive metall og utskurd prydde deg. Det var laga den dagen du vart skapt.

14 Du var ein veldug kerub som gav livd, og eg sette deg til å vera på Guds heilage fjell, millom logande steinar ferdast du.

15 Ulastande var du på dine vegar frå den dagen du vart skapt, til dess urettvisa fanst hjå deg.

16 Den store handelen din valda at du vart full av urett og tok til å synda. Då vanhelga eg deg, so du laut burt frå Guds fjell, og eg tynte deg, du livd-gjevande kerub, so du ikkje lenger fekk vera millom dei logande steinar.

17 Ditt hjarta ovmoda seg av din vænleik, og du spillte din visdom for ditt glim. Til jordi kasta eg deg, framfor augo på kongar lagde eg deg, so dei kunde skoda deg.

18 Med dine mange misgjerningar, med din urettferdige handel vanhelga du heilagdomarne dine. So let eg eld loga midt utor deg, han skal øyda deg, og eg gjer deg til oska på jordi framfor augo på alle som ser deg.

19 Alle som kjende deg millom folkeslagi, er forfærde yver deg; ei skræma er du vorten, og du er ikkje til – i all æva.

20 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

21 Menneskjeson! Vend di åsyn mot Sidon og spå imot det!

22 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Sjå, eg finna deg, Sidon, og eg vil syna meg herleg i deg. Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg held dom yver det og helgar meg på det.

23 Og eg vil senda inn i det sott og blod på gatorne. Og iheldslegne skal falla midt i det for sverd som kjem yver deim rundt ikring, og dei skal sanna at eg er Herren.

24 Og det skal aldri meir vera for Israels-lyden ein stingande klunger eller svidande tistel av alle deira grannar som svivyrder deim. Og dei skal sanna at eg er Herren, Herren.

25 So segjer Herren, Herren: Når eg samlar Israels-lyden ifrå folki der som dei er spreidde, då vil eg helga meg på deim framfor augo på folkeslag, og dei skal bu i sitt land som eg gav min tenar Jakob.

26 Og dei skal bu der i trygd og byggja hus og planta vinhagar, ja, dei skal bu i trygd, medan eg held dom yver alle deira grannar som vanvyrde deim. Og dei skal sanna at eg, Herren, er deira Gud.

Continuar Lendo