Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 18

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Korleis kann de bruka dette ordtøket i Israels land og segja: «Federne åt sure druvor, og borni vart sårtennte.»

3 So sant som eg liver, segjer Herren, Herren, de skal ikkje få bruka dette ordtøket meir i Israel.

4 Sjå, alle sjælerne er mine, både sjæli åt faren og sjæli åt sonen; mine er dei; den sjæl som syndar, ho skal døy.

5 Og når ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd:

6 ikkje et offermat på fjelli og ikkje kaster augo sine på dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden og ikkje skjemmer kona åt grannen sin og ikkje kjem nær ei kvinna medan ho er urein,

7 og ikkje er hard imot nokon, let skuldmannen få pantet sitt att, ikkje fer med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,

8 ikkje låner ut for renta og ikkje tek yvermål, held si hand burte frå det som rangt er, dømer rett dom mann og mann imillom,

9 ferdast i mine bod og held mine lover, so han gjer det som rett er – han er rettferdig, liva skal han, segjer Herren, Herren.

10 Men han fær kann henda ein son som tek til med valdsverk, renner ut blod eller gjer eitkvart sovore

11 – endå han ikkje gjorde noko slikt – for han et ogso offermat på fjelli, skjemmer kona åt grannen sin,

12 er hard imot armingen og fatigmannen, fer med ransverk, gjev ikkje pant tilbake, kaster augo sine på dei ufysne avgudar, fer med styggedom,

13 låner ut for rente og tek yvermål – og so skulde han liva! Han skal ikkje liva. Alle desse styggjor gjorde han; banen hans skal det verta, blodet hans skal koma yver honom.

14 Men sjå, so fær han ein son, og han ser alle synderne åt far sin som han gjorde, han ottast og gjer ikkje etter deim;

15 han et ikkje offermat på fjelli og kastar ikkje augo sine dei ufysne avgudarne åt Israels-lyden, skjemmer ikkje kona åt grannen sin

16 og er ikkje hard mot nokon, tek ikkje pant og fer ikkje med ransverk, gjev den hungrige sitt brød og klæder den nakne,

17 held handi si tilbake frå armingen, tek ikkje renta og yvermål, gjer etter mine lover og ferdast i mine bod. Han skal ikkje døy for misgjerningi åt far sin, liva skal han.

18 Far hans som for med valdsverk og rana frå bror og gjorde det som ikkje er godt midt i lyden sin, sjå han laut døy for si misgjerning.

19 Men de segjer: «Kvi skal ikkje sonen bera syndeskuldi åt far sin?» Sonen hev då gjort rett og rettferd alle mine bod hev han halde og gjort etter deim; liva skal han.

20 Den sjæli som syndar, ho skal døy. Son skal ikkje bera syndeskuldi åt far sin, og far skal ikkje bera syndeskuldi åt son sin. Yver den rettferdige skal hans rettferd vera, og yver den gudlause skal hans gudløysa vera.

21 Men når den ugudlege vender um frå alle sine synder som han hev gjort, og held alle mine bod og gjer rett og rettferd, då skal han liva og ikkje døy.

22 Alle hans misgjerningar som han hev gjort, skal vera gløymde; ved si rettferd som han gjorde, skal han liva.

23 Skulde eg hava hugnad i det, at den ugudlege døyr? segjer Herren, Herren. Måtte ikkje det fegna meg, at han vendar um frå sin veg og liver?

24 Men når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, alle slike styggjor som den ugudlege gjer, skulde han gjera det og liva? All hans rettferd som han gjorde, skal verta gløymd. For den truløysa han for med, for det skal han døy.

25 Og de segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Høyr då, du Israels-lyd! Er ikkje mi åtferd rett? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?

26 Når ein rettferdig vender um frå si rettferd og gjer urett, so skal han difor døy; for sin urett som han gjorde, skal han døy.

27 Og når ein ugudleg vender um frå si gudløysa, som han hev gjort, og gjer rett og rettferd, so skal han halda si sjæl i live.

28 For han såg alle sine misgjerningar som han hadde gjort, og vende um frå deim; liva skal han, han skal ikkje døy.

29 Men Israels-lyden segjer: «Herrens åtferd er ikkje rett.» Er ikkje mi åtferd rett, du Israels lyd? Er det ikkje dykkar åtferd som ikkje er rett?

30 Difor vil eg døma dykk, du Israels lyd, ein og kvar etter hans åtferd, segjer Herren, Herren. Vend um og vend dykk burt frå alle dykkar misgjerningar, so ikkje skuld skal føra dykk til fall!

31 Kasta frå dykk alle dykkar misgjerningar som de hev misfare dykk med, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! For kvi vil de døy, du Israels lyd?

32 For eg hev ikkje hugnad i dauden åt den som døyr, segjer Herren, Herren. So vend då um, so skal de liva!

Continuar Lendo