Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 23

1 Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Menneskjeson! Det var tvo kvinnor, døtter åt ei mor.

3 Og dei dreiv hor i Egyptarland, i sin ungdom dreiv dei hor; der tukla dei med brjosti deira og klemde på deira møyarbarm.

4 Og namni deira var: Åhåla, den største, og Åhåliba, syster hennar. Og dei vart mine og fødde søner og døtter. Og um namni deira er å segja: Samaria er Åhåla, og Jerusalem Åhåliba.

5 Men Åhåla gav seg frå meg og dreiv hor, og ho tok til å lysta etter elskarane sine, etter assyrarane, dei våpndjerve,

6 som var klædde i blått purpur, jarlar og landshovdingar, fagre sveinar alle saman, ridarar, ridande på hestar.

7 Og med deim heldt ho seg i hordom, med alle dei gildaste av Assurs-sønerne. Og ho sulka seg med alle ho lyste etter, og med alle deira ufysne avgudar.

8 Og ho heldt seg ikkje frå sin hordom frå Egyptarland. For dei hadde lege med henne i hennar ungdom, og dei hadde klemt på hennar møyarbarm og helt ut yver henne sin hordom.

9 Difor gav eg henne i henderne på hennar elskarar, i henderne på Assurs-sønerne, som ho hadde lysta etter.

10 Dei nækte blygsli hennar. Hennar søner og døtter tok dei, og henne sjølv drap dei med sverd. Og ho vart namnspurd ibland kvinnor, og dom heldt dei yver henne.

11 Og endå hennar syster Åhåliba såg det, vart ho skamlausare i sine lyster enn ho, og verre i sin hordom enn syster si.

12 Ho lysta etter Assurs-sønerne, jarlar og landshovdingar, våpndjerve karar, gildt klædde, ridarar, ridande på sine hestar, fagre sveinar alle saman.

13 Og eg såg at ho vart sulka; ein og same veg gjekk dei båe.

14 Og ho for endå lenger med sin hordom; då ho såg menner rita på veggen, bilæte av kaldæarar, måla med raude liter,

15 gyrde med belte um lenderne, med breide huvor på hovudet, sjåande til som vognkjempor alle saman, på skap Babels-sønerne som hev Kaldæa til heimland

16 – då lysta ho etter deim fyrst ho såg deim for sine augo, og ho sende bod til deim i Kaldæa.

17 Og Babels-sønerne kom til henne og låg med henne i elskhug og sulka henne med sin hordom. Men då ho var utsulka med deim, vende hennar sjæl seg frå deim.

18 Og ho for berrsynt fram med sin hordom og nækte blygsli. Då vende mi sjæl seg ifrå henne likeins som mi sjæl hadde vendt seg frå syster hennar.

19 Men ho gjekk endå lenger i sin hordom, med di ho kom i hug ungdomsdagarne sine, då ho dreiv hor i Egyptarland.

20 So tok ho til å lysta etter horkallarne deira, som hadde kjøt nett som asen og fløde som hestar.

21 Og du trådde etter ulivnaden i din ungdom, då egyptarane klemde på barmen din medan du hadde møyarbrjost.

22 Difor, Åhåliba, so segjer Herren, Herren: Sjå, eg vekkjer upp elskarane dine imot deg, deim som sjæli di hev vendt seg frå, og let deim koma yver deg frå alle stader.

23 Babels-sønerne og alle kaldæarar, Pekod og Sjoa og Koa, og alle Assurs-sønerne med deim, fagre sveinar, jarlar og hovdingar alle saman, vognkjempor, namnfræge menner, ridande på hestar alle saman.

24 Og dei skal koma yver deg med stridsmagt, vogner og hjul, og med ein flokk med folkeslag. Store skjoldar og små-skjoldar og hjelmar skal dei setja upp imot deg rundt ikring. Og eg vil setja deim til domarar, og dei skal døma deg med domarne sine.

25 Og min brennhug skal finna deg, og dei skal fara ått med deg i vreide; nosi di og øyro dine skal dei skjera av, og det som endå er att av deg, skal falla for sverd. Dei skal taka dine søner og døtter, og dei som endå vert att av deg, skal øydast i eld.

26 Og dei skal draga av deg klædi dine, og dei skal taka dine prydeting.

27 So vil eg gjera ende på di skjemdarferd og på din hordom frå Egyptarland, og du skal ikkje lyfta augo dine til deim, og Egyptarland skal du ikkje minnast meir.

28 For so segjer Herren, Herren: Sjå, eg gjev deg i henderne på deim som du hatar, og i henderne på deim som di sjæl hev vendt seg frå.

29 Og dei skal fara åt med deg i hat og taka alt det du hev stræva i hop og lata deg etter seg naki og berr, horeblygsli di skal verta nækt, og di skjemdarferd og din hordom skal verta synberr.

30 Dette skal dei gjera med deg, av di du for etter heidningfolk i hordom, for di du sulka deg med deira ufysne avgudar.

31 På vegen åt syster di hev du gjenge; so gjev eg deg hennar staup i di hand.

32 So segjer Herren, Herren: Staupet åt syster di skal du drikka, det djupe og vide – til lått og til spott skal du verta – det tek mykje.

33 Av rus og sorg skal du verta full, eit øgjelegt tynar-staup er staupet åt di syster Samaria.

34 Og du skal drikka det ut og suga utor det, og på broti av det skal du gnaga, og flengje brjosti dine sund, for eg hev tala, segjer Herren, Herren.

35 Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di du gløymde meg og kasta meg attum din rygg, so ber då du med di skjemd og din hordom.

36 Og Herren sagde med meg: Menneskjeson! Vil du døma Åhåla og Åhåliba? Lat deim få vita sin styggedomen!

37 For dei hev drive hor, og det er blod på henderne deira og med sine ufysne avgudar hev dei drive hor, ja, jamvel borni sine, som dei hadde født åt meg, hev dei lata ganga gjenom elden, so dei skulde eta deim.

38 Dessforutan gjorde dei dette mot meg: Dei sulka min heilagdomen same dagen og vanhelga mine kviledagar.

39 Når dei hadde slagta borni sine åt sine ufysne avgudar, so kom dei inn i min heilagdom, den same dagen, og vanhelga honom; og sjå, soleis for dei åt midt i mitt hus!

40 Ja, dei sende jamvel bod etter menner som skulde koma langt burtanfrå, ein sendemann gjekk til deim, og sjå, dei kom: for deim hadde du lauga deg, sminka deg i augo og prydt deg med prydeting.

41 Og du sat på ein røseleg legebenk, og framanfor honom var duka eit bord, og min røykjelse og min olje hadde du sett uppå det.

42 Og ståket av ein velnøgd folkehop kunde ein høyra der inne, og attåt menner som var med utav ålmugen, fekk dei seg drykkjebrør frå øydemarki. So gav dei kvendi armband på henderne og ei prydeleg kruna på hovudet.

43 Då sagde eg um den utlivde skjøkja: «No fyrst driv dei ukjurskapen i det store med henne – ja, rett med henne.»

44 Dei gjekk inn til henne nett som dei gjeng inn til ei skjøkja; soleis gjekk dei inn til Åhåla og Åhåliba, horkonorne.

45 So skal då rettferdige menner døma deim etter lovi um horkonor, og um kvende som renner ut blod; for horkonor er dei, og det er blod på henderne deira.

46 For so segjer Herren, Herren: Eg vil føra fram ein mannefjølde mot deim, og eg vil gjera deim til ei skræma og eit ran.

47 Mannfjølden skal steina deim i hel og hogga deim sund med sverdi sine. Deira søner og døtter skal dei drepa, og husi deira skal dei brenna upp med eld.

48 Soleis vil eg gjera ende på skjemdarferdi i landet, og alle kvinnor skal læra å vara seg, so dei ikkje fer med slik ei skjemdarferd som dei.

49 Og dei skal leggja dykkar skjemdarferd på dykk, og dykkar synder med dei ufysne avgudarne dykkar skal de bera, og de skal sanna at eg er Herren, Herren.

Continuar Lendo