Connect with us

Bíblia NORSMB

Ezequiel 22

1 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

2 Og du, menneskjeson! Vil du døma, vil du døma blodbyen? So lat honom få vita um all sin styggedom!

3 Og du skal segja: So segjer Herren, Herren: Å, for ein by! som renner ut blod midt inni seg, so tidi hans må koma, og som gjer seg ufysne avgudar til å sulka seg med!

4 Med blodet som du hev rent ut, hev du ført skuld yver deg, og med dei ufysne avgudarne dine som du gjorde, hev du sulka deg, og du hev fenge dagarne dine til å nærma seg, og åri hev du nått. Difor gjer eg deg til spe åt folki og til spott for alle land.

5 Dei som er nær og dei som er langt ifrå deg, skal hæda deg, du med ditt utskjemde namn og di vimande villa.

6 Sjå, Israels fyrstar hjå deg leit kvar på sin arm – til å renna ut blod.

7 Far og mor vanvyrde dei hjå deg, mot den framande for dei fram med vald hjå deg, den farlause og enkja var dei harde med hjå deg.

8 Heilagdomarne mine svivyrde du, og kviledagarne mine vanhelga du.

9 Baktalarar var det hjå deg til å renna ut blod, på fjelli åt dei offermat hjå deg, skjemdarverk for dei med hjå deg.

10 Hjå deg nækte dei fars blygsl, hjå deg skjemde dei kvende som var ureine i sine månadstider.

11 Ein for med skjæmdarverk med grannekona si, ein annan skjemde ut sonekona si i skamlaus ulivnad, og endå ein annan skjemde syster si, dotter åt far sin, hjå deg.

12 Mutor tok dei hjå deg for å renna ut blod. Renta og yvermål tok du, og mot grannen din gjorde du uskil med vald, og meg gløymde du, segjer Herren, Herren.

13 Og sjå, eg hev slege henderne mine i hop yver syndepengarne du hev samla, og yver blodspillet som var hjå deg.

14 Kann hjarta ditt standa seg eller henderne dine vera fullsterke i dei dagarne då du fær med meg å gjera? Eg, Herren, hev tala og vil setja det i verk.

15 Og eg vil spreida deg millom folki og strå deg i landi, og eg skal få ureinska di av deg.

16 Og du skal varta vanhelga ved deg sjølv framfor augo på folki. Då skal du sanna at eg er Herren.

17 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

18 Menneskjeson! Israels-lyden vart berre til slagg for meg; alle i hop er dei kopar og tin og jarn og bly inni ein omn, dei er sylvslagg vortne.

19 Difor, so segjer Herren, Herren: Etter di de er vortne til slagg alle saman, sjå, so vil eg samla dykk i hop midt i Jerusalem.

20 Likeins som ein samlar i hop sylv og kopar og jarn og bly og tin midt i ein omn og blæs upp eld på det og smelter det, soleis vil eg samla dykk i hop – i min vreide og harm – og eg vil hava dykk nedi og smelta dykk.

21 Ja, eg vil sanka dykk saman og blåsa min vreide-eld på dykk, og der skal de smelta.

22 Likeins som sylv smelter i ein omn, soleis skal de smelta der. Og de skal sanna at eg, Herren, hev rent ut min harm yver dykk.

23 Og Herrens ord kom til meg; han sagde:

24 Menneskjeson! seg til det: Du er eit land som ikkje er reinsa, som ikkje hev fenge regn på ein vreide-dag.

25 Eit samansvore lag er deira profetar der, dei er som ei burande løva, ranande ran; sjæler et dei upp, eignaluter og dyrverdige ting tek dei, mange gjer dei der til enkjor.

26 Prestane deira gjer vald på mi lov og vanhelgar heilagdomarne mine. Heilagt frå vanheilagt skil dei ikkje, millom ureint og reint lærer dei ikkje nokon å skilja, og for kviledagarne mine let dei att sine augo, og eg vert vanhelga midt ibland deim.

27 Fyrstarne deira er som vargar, ranande ran – med å renna ut blod, med å tyna sjæler, so dei kann auka syndepengarne sine.

28 Profetarne stryk på kalk åt deim, med di dei skodar fåfengd og spår lygn åt deim; dei segjer: «So segjer Herren, Herren,» endå Herren ikkje hev tala.

29 Landslyden fer med valdsverk, med flåing og ran, og med arming og fatigmann er dei harde, og mot den framande gjer dei vald og urett.

30 Og eg leita etter ein mann millom deim som vilde mura mur og standa i gapet framfor mi åsyn til vern for landet, so eg ikkje skulde leggja det i øyde, men eg fann ingen.

31 So vil eg då renna ut min vreide, i min brennande harm gjer eg ende på deim. Åtferdi deira legg eg på deira eige hovud, segjer Herren, Herren.

Continuar Lendo