Connect with us

Bíblia NORSMB

João 10

1 «Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;

2 Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauerne.

3 Honom let dørvaktaren upp åt, og sauerne høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn, og leider deim ut.

4 Når han hev fenge ut alle sauerne sine, gjeng han fyre deim, og sauerne fylgjer honom; for dei kjenner målet hans.

5 Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for honom, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.»

6 Denne likningi fortalde Jesus deim, men dei skyna ikkje kva det var han tala til deim um.

7 So tala Jesus atter til deim og sagde: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauerne.

8 Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauerne høyrde ikkje på deim.

9 Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.

10 Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slagta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.

11 Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauerne.

12 Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauerne ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauerne vera der dei er, og rømer, og ulven røvar deim og jagar deim frå einannan;

13 so gjer leigekaren av di han er ein leigekar, og ikkje hev umsut for sauerne.

14 Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,

15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauerne.

16 Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; deim og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.

17 Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att.

18 Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev magt til å setja det til, og eg hev magt til å taka det att; det bodet fekk eg av far min.»

19 Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødarne.

20 Mange av deim sagde: «Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på honom?»

21 Andre sagde: «Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde?»

22 So høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem. Det var vinter,

23 og Jesus gjekk ikring i templet i Salomons-halli.

24 Då flokka jødarne seg rundt ikring honom og sagde til honom: «Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut!»

25 Jesus svara: «Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i far min’s namn, dei vitnar um meg,

26 men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.

27 Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner deim, og dei fylgjer meg,

28 og eg gjev deim eit ævelegt liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi.

29 Far min, som hev gjeve meg deim, er større enn alle, og ingen kann riva deim ut or handi åt Far min.

30 Eg og Faderen er eitt.»

31 På nytt lag tok jødarne upp steinar og vilde steina honom.

32 Då tok Jesus til ords og sagde: «Mange gilde verk hev eg synt dykk frå far min; – kva for eitt av deim er det de steinar meg for?»

33 «For eit gildt verk steinar me deg ikkje,» svara jødarne, «men for gudsspotting, for di du som er eit menneskje, gjer deg sjølv til Gud.»

34 Jesus svara: «Stend det ’kje skrive i lovi dykkar: «Eg hev sagt: «De er gudar?»»

35 Når no lovi kallar deim som Guds ord kom til, for gudar – og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje –

36 segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: «Du spottar Gud,» for di eg sagde: «Eg er Guds son?»

37 Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje!

38 Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg, og eg i honom!»

39 Då freista dei atter å gripa honom, men han slapp utor henderne deira.

40 So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.

41 Og kom mange til honom, og dei sagde: «Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sagde um denne mannen, var sant.»

42 Og mange trudde på honom der.

Continuar Lendo