Connect with us

Bíblia NORSMB

João 14

1 «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg!

2 I huset åt Far min er det mange rom; var det ’kje so, vilde eg vel då sagt dykk det; for eg gjeng burt og vil stella til ein verestad åt dykk.

3 Og når eg hev gjenge burt og stelt til ein verestad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, so de og skal vera der eg er.

4 Og vegen dit eg gjeng, den veit de.»

5 Tomas segjer til honom: «Herre, me veit ’kje kvar du gjeng av; korleis kann me då vita vegen?»

6 Jesus svarar: «Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg;

7 hadde de kjent meg, so hadde de kjent far min og, og frå denne stund kjenner de honom, og hev set honom.»

8 Filip segjer til honom: «Herre, lat oss få sjå Faderen, so hev me nok!»

9 Jesus svarar: «No hev eg vore so lang ei tid i hop med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som hev set meg, hev set Faderen; korleis kann du då segja: «Lat oss få sjå Faderen?»

10 Trur du ikkje at eg er i Faderen, og Faderen er i meg? Dei ordi eg talar til dykk, talar eg ikkje av meg sjølv; men Faderen, som bur i meg, han er det som gjer sine verk.

11 Tru meg, når eg segjer at eg er i Faderen, og Faderen i meg! Um ikkje det, so tru meg for sjølve verki skuld!

12 Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som trur på meg, han skal gjera dei same verki som eg gjer, og han skal gjera større verk enn dei. For eg gjeng til Faderen,

13 og alt de bed um i mitt namn, det vil eg gjera, so Faderen kann verta herleggjord i Sonen.

14 Bed de meg um noko i mitt namn, so skal eg gjera det.

15 Elskar de meg, so held de bodi mine;

16 då skal eg beda Faderen, so gjev han dykk ein annan målsmann, som skal vera hjå dykk i all æva,

17 Sannings-Anden, som verdi ikkje kann få, for ho ser honom ikkje og kjenner honom ikkje. De kjenner honom; for han bur hjå dykk og skal vera inni dykk.

18 Eg vil ’kje lata dykk vera att åleine som foreldrelause born; eg kjem til dykk.

19 Um ei liti stund ser verdi meg ikkje lenger; men de ser meg; for eg liver, og de skal liva.

20 Den dagen skal de skyna at eg er i far min, og de er i meg, og eg i dykk.

21 Den som hev bodi mine og held deim, han er den som elskar meg, og den som elskar meg, honom skal far min elska, og eg skal elska honom og openberra meg for honom.»

22 Judas – ikkje Iskariot – segjer til honom: «Herre, kva hev hendt, sidan du vil syna deg for oss og ikkje for verdi?»

23 Jesus svara so: «Um nokon elskar meg, held han seg etter ordet mitt, og far min skal elska honom; og me skal koma til honom og taka vår bustad hjå honom.

24 Den som ikkje elskar meg, held seg ikkje etter ordi mine; og ordet de høyrer, er ikkje mitt, men far min’s, som sende meg.

25 Dette hev eg tala til dykk medan eg endå er hjå dykk.

26 Men målsmannen, den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk på alt det eg hev sagt dykk.

27 Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verdi gjer det. Lat ikkje hjarta dykkar uroast og ikkje ræddast!

28 De høyrde eg sagde til dykk: «Eg gjeng burt og kjem til dykk att;» elska de meg, so gledde de dykk for di eg gjeng til Faderen, for Faderen er større enn eg.

29 Og no hev eg sagt dykk det fyrr det hev hendt, so de skal tru når det hender.

30 Heretter kjem eg ikkje til å tala mykje med dykk; for no kjem hovdingen yver verdi. I meg eig han ingen ting,

31 men eg vil verdi skal sjå at eg elskar Faderen, og gjer so som Faderen hev sagt til meg! Reis dykk, og lat oss ganga ifrå her!»

Continuar Lendo