Connect with us

Bíblia NORSMB

Marcos 1

1 Upphavet til evangeliet um Jesus Kristus, Guds Son.

2 Hjå Jesaja, profeten, stend det skrive: «Framfyre deg min ærendsvein eg sender; Der du vil fara, skal han vegen rydja» –

3 «Høyr han som ropar i heidi: «Rydje vegen åt Herren, jamna stigarne hans!»»

4 Soleis stod Johannes, døyparen, fram i øydemarki, og ropa ut umvendingsdåp til forlating for synderne.

5 Og heile Judaland kom ut til honom, og alt Jerusalems-folket, og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.

6 Johannes var klædd i kamelhår og hadde eit lerbelte kring livet, og det han åt, var grashoppar og villhonning.

7 Og han tala til folket og sagde: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg; eg er ’kje verdig å bøygja meg ned og løysa skobandet hans.

8 Eg hev døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med den Heilage Ande.»

9 I dei dagarne hende det, at Jesus kom frå Nasaret i Galilæa og vart døypt i Jordan av Johannes.

10 Og med det same han steig upp or vatnet, såg han korleis himmelen opna seg, og Anden dala ned til honom som ei duva.

11 Og frå himmelen kom det ei røyst: «Du er Son min, som eg elskar! Deg hev eg hugnad i!»

12 Og straks dreiv Anden honom ut i øydemarki;

13 og han var i øydemarki i fyrti dagar og vart freista av Satan, og heldt til millom villdyri, og englarne tente han.

14 Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilæa og kunngjorde evangeliet frå Gud

15 og sagde: «Tidi er fullkomi, og Guds rike er nær! Vend um og tru på evangeliet!»

16 Då han ein gong for frammed Galilæasjøen, fekk han sjå Simon og Andreas, bror hans; dei var åt og sette garn i sjøen, for dei var fiskarar.

17 Han sagde til deim: «Kom og fylg meg, so skal eg setja dykk til å vera menneskje-fiskarar!»

18 Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.

19 Då han kom litt lenger fram, såg han Jakob, son åt Sebædeus, og Johannes, bror hans; dei var og i båten sin og greidde garni.

20 Og med ein gong kalla han deim, og dei gav seg med honom, og let far sin, Sebedæus, vera att i båten med leigefolket.

21 So kom dei til Kapernaum, og fyrste kviledag gjekk han inn i synagoga og lærde folket.

22 Og dei var reint upp i under yver læra hans; for han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som dei skriftlærde.

23 Den gongen var det der i lyden ein mann med ei urein ånd; han sette i og ropa:

24 «Kva vil du oss, Jesus frå Nasaret? Er du komen for å gjera ende oss? Eg veit kven du er – den Heilage frå Gud.»

25 Jesus truga den ureine åndi og sagde: «Teg still, og far ut or honom!»

26 Då reiv ho og sleit i honom og ill-hua, og for ut or honom.

27 Og alle vart forfærde og spurde seg imillom: «Kva er dette? Ei ny og ageleg læra! Jamvel dei ureine ånderne lyt lystra, når han talar til deim!»

28 Og gjetordet um honom for straks yver alle Galilæa-bygderne derikring.

29 Frå synagoga gjekk dei beint heim til Simon og Andreas, i lag med Jakob og Johannes.

30 Vermor åt Simon låg sjuk og hadde hiteflagor, og dei tala straks til Jesus um henne.

31 Han gjekk burt til henne og tok henne i handi og reiste henne upp. Då slepte sotti henne, og ho tok til å stella for deim.

32 Då det vart kveld, og soli var gladd, kom dei til honom med alle som hadde vondt eller var forgjorde,

33 og heile byen hadde samla seg utfor døri.

34 Og han lækte mange som drogst med ymse sjukdomar, og dreiv ut mange vonde ånder, men han let ’kje ånderne få lov til å tala, av di dei kjende honom.

35 I otta, fyrr det vart dag, reis han upp og gjekk ut og burt til ein øydestad; der heldt han bøn.

36 Simon og dei som var med honom, skunda seg etter honom,

37 og då dei fann honom, sagde dei til honom: «Alle leitar etter deg!»

38 Men Jesus svara: «Lat oss fara til ein annan stad, til grenderne her innmed, so eg kann få tala for folket der og; for det var det eg gjekk ut for.»

39 So gjekk han kring i heile Galilæa og tala i synagogorne deira og dreiv dei vonde ånderne ut.

40 Ein som hadde spillsykja kom og fall på kne for honom og bad: «Dersom du vil, kann du gjera meg rein!»

41 Jesus tykte vondt um honom, og rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; vert rein!»

42 Og med ein gong gjekk spillsykja av honom, og han vart rein.

43 Jesus tala strengt til honom, og bad honom ganga sin veg straks.

44 «Agta deg at du ikkje segjer dette med nokon,» sagde han, «men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret for reinsingi di som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim!»

45 Men mannen var ’kje fyrr komen ut, fyrr han tok til å tala mykje um det og bera det utyver, so Jesus ikkje lenger kunde ganga berrsynt inn i nokon by; han heldt seg utanfor, på øydestader, og der kom dei til honom frå alle kantar.

Continuar Lendo