Connect with us

Bíblia NORSMB

Lucas 19

1 So kom han til Jeriko, og for fram igjenom byen.

2 Der var det ein mann som heitte Sakkæus; han var ein høg tollmann og rik.

3 Han hadde slik hug til å sjå Jesus, kven han var, men kunde ikkje koma til for folkemengdi; for han var liten på vokster.

4 So sprang han i fyrevegen og kleiv upp i eit sykomortre, so han kunde få sjå honom; for der laut han koma framum.

5 Då Jesus kom dit, såg han upp og sagde til honom: «Sakkæus, skunda deg og kom ned! I dag lyt eg vera hjå deg.»

6 Då skunda han seg ned, og tok imot Jesus med gleda.

7 Alle som såg det, murra og sagde seg imillom: «Han gjeng inn til ein syndig mann og tek herbyrge der.»

8 Men Sakkæus steig fram og sagde til Herren: «Herre, helvti av alt det eg eig, gjev eg dei fatige, og hev eg truga pengar frå nokon, gjev eg det att firdubbelt.»

9 Og Jesus sagde um honom: «I dag hev det timst dette huset å få frelsa, etter di han og er Abrahams son;

10 for Menneskjesonen er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det.»

11 Med dei lydde på det, heldt han ved og fortalde ei likning, av di han var so nær Jerusalem, og dei tenkte at Guds rike skulde koma til synes straks.

12 Han sagde: «Det var ein gong ein høgætta mann, som for langt burt til eit anna land og vilde få seg kongedøme og so venda heim att.

13 Då kalla han åt seg ti av tenarane sine og gav deim ti pund og sagde: «Driv no handel med dette med eg er burte!»

14 Men landsmennerne hans hata honom og skikka sendemenner av stad etter honom, som skulde segja: «Me vil ikkje at den mannen skal vera kongen vår!»

15 Då han no kom att og hadde fenge kongedømet, sagde han at dei tenarane han hadde gjeve pengarne til, skulde ropast inn til honom, so han kunde få vita kor mykje dei hadde tent.

16 Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»

17 «Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»

18 So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.

19 Til honom sagde herren: «Du skal råda yver fem byar.»

20 So kom det ein annan og sagde: «Herre, sjå her er pundet ditt! Eg hev havt det liggjande i eit knyte;

21 for eg var rædd deg, av di du er ein streng mann: du tek inn det du ikkje lagde ut, og haustar det du ikkje sådde.»

22 Då sagde herren: «Etter dine eigne ord dømer eg deg, du låke tenar! Du visste at eg er ein streng mann, som tek inn det eg ikkje lagde ut, og haustar det eg ikkje sådde?

23 Kvi sette du då ikkje pengarne mine i banken? so hadde eg fenge deim att med rentor når eg kom heim!

24 Tak pundet frå honom!» sagde han til deim som stod innmed, og gjev det til den som hev ti pund!»

25 «Herre, han hev då ti pund!» sagde dei.

26 «Eg segjer dykk at kvar den som hev, skal få, og den som ikkje hev, skal missa endå det som han hev.

27 Men desse uvenerne mine, som ikkje vilde at eg skulde vera kongen deira, deim skal de føra hit og hogga deim ned for augo mine!»»

28 Då han hadde sagt det, gjekk han fyre på ferdi upp til Jerusalem.

29 Som han no kom burtimot Betfage og Betania, til det berget dei kallar Oljeberget, sende han tvo av læresveinarne i veg og sagde:

30 «Gakk burt i den grendi som ligg midt imot oss! Når de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det aldri hev sete menneskje på; den skal de løysa og leida hit.

31 Og dersom nokon spør dykk kvi de løyser honom, skal de svara so: «Herren treng um honom.»»

32 Dei som var sende, gjekk, og fann det so som han hadde sagt med deim.

33 Då dei so løyste folen, sagde dei som åtte honom: «Kvi løyser de folen?»

34 «Herren treng um honom,» svara dei.

35 So leidde dei folen fram til Jesus, og lagde kjolarne sine på honom, og let Jesus setja seg uppå;

36 og med han for frametter, breidde dei klædi sine under på vegen.

37 Som han no var tett burtmed der det ber ned frå Oljeberget, tok læresveinarne, heile flokken, glade som dei var, til å lova Gud med høg røyst for alle dei underi dei hadde set, og kvad:

38 «Velsigna vere kongen som kjem i Herrens namn! Fred i himmelen og æra i det høgste!»

39 Nokre farisæarar som var med i folkehopen, sagde til han: «Meister, tala til læresveinarne dine!»

40 Då svara han: «Eg segjer dykk: Dersom desse tegjer, so skal steinarne ropa.»

41 Då han kom næmare og såg byen, gret han yver honom og sagde:

42 «Hadde du berre visst, um ikkje fyrr enn i dag, kva som tener til di velferd! Men no er det dult for augo dine.

43 For det skal koma ei tid for deg då fiendarne kastar upp ein voll um deg og kringset deg og trengjer deg frå alle kantar,

44 og støyter deg ned i grunnen, og borni dine med deg, og ikkje let det liggja att stein på stein i deg, for di du ikkje skyna di gjestings tid.»

45 Då han kom inn i templet, tok han til å driva ut deim som handla der,

46 og sagde til deim: «Det stend skrive: «Mitt hus skal vera eit bønehus,» men de hev gjort det til eit røvarbol.»

47 Sidan lærde han dagstødt i templet. Øvsteprestarne og dei skriftlærde var trådde etter å få rudt honom or vegen, og so gjorde dei fyrste mennerne i folket,

48 men dei kunde ikkje finna ut korleis dei skulde bera seg åt med det; for heile folket hekk ved honom og lydde på honom.

Continuar Lendo