Connect with us

Bíblia NORSMB

Lucas 12

1 Medan hadde folket samla seg kring han i tusundtal, so dei heldt på å trøda kvarandre ned; då tok han til ords og sagde til læresveinarne sine: «Framum alt; tak dykk i vare for surdeigen åt farisæarane – hyklarskapen!

2 Det finst ingen ting som er duld og ikkje ein gong kjem fram i dagen, og ingen ting som er løynd og ikkje ein gong vert kjend.

3 Difor skal alt de talar i myrkret, høyrast i ljoset, og det de kviskrar i kammerset, skal ropast ut på taket.

4 Men til dykk som er venerne mine, segjer eg: Ottast ikkje deim som drep likamen, og sidan ikkje hev magt til å gjera meir!

5 Eg skal syna dykk kven de skal ottast; de skal ottast honom som hev magt til å drepa og sidan kasta i helvite. Ja, segjer eg dykk, honom skal de ottast!

6 Sel dei ikkje fem sporvar for tvo skilling? og ikkje ein av deim er gløymd hjå Gud;

7 og jamvel alle håri på hovudet dykkar er talde. Ver ikkje ottefulle! De er meir enn mange sporvar.

8 Og det segjer eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneski, honom skal og Menneskjesonen kjennast ved for Guds englar;

9 men den som avneittar meg for menneski, han skal avneittast for Guds englar.

10 Og den som talar mot Menneskjesonen, skal få tilgjeving for det; men den som spottar den Heilage Ande, fær aldri tilgjeving.

11 Når dei no fører dykk fram for synagogorne og deim som styrer og råder i landet, so syt ikkje for korleis de skal svara for dykk, eller kva de skal segja!

12 For den Heilage Ande skal læra dykk dei rette ordi i same stundi.»

13 Ein utor folkehopen sagde til honom: «Meister, seg til bror min at han skal skifta arven med meg!»

14 «Kven sette meg til domar eller skiftemeister for dykk, mann?» svara Jesus.

15 So sagde han til deim: «Sjå og tak dykk i vare for all havesykja! For ingen kann tryggja livet sitt med det han eig, um han er aldri so rik.»

16 Og han fortalde deim ei likning: «Det var ein gong ein rik mann; jordi hans hadde bore godt,

17 og so sagde han med seg: «Kva skal eg gjera? eg hev ikkje husrom til grøda mi!

18 Jau, so vil eg gjera,» sagde han: «eg vil taka ned lødorne mine og byggja deim større, og der vil eg samla heile avlingi og alt godset mitt.

19 Og so vil eg segja åt meg sjølv: «Du, no hev du mykje godt liggjande for mange år; unn deg no ro, et og drikk, og ver glad!»»

20 Men Gud sagde til honom: «Du dåre, i denne natt krev dei sjæli di av deg! Kven skal so hava det du hev sanka i hop?»

21 So gjeng det den som samlar seg gods og gull, og ikkje er rik i Gud.

22 Difor segjer eg dykk,» sagde han til læresveinarne sine: «Syt ikkje for livet, kva de skal eta, eller for likamen, kva de skal klæda dykk med!

23 Livet er meir enn maten, og likamen meir enn klædi.

24 Agta på ramnarne! dei sår ikkje og haustar ikkje, dei hev ikkje stabbur og ikkje løda – Gud føder deim. Kor mykje meir er ’kje de enn fuglarne!

25 Og kven av dykk kann leggja ei aln til si livslengd, um han syter aldri so mykje?

26 Kann de no ikkje ein gong gjera so mykje, kvi syter de då for det hitt?

27 Agta på liljorne, korleis dei veks! dei korkje spinn eller vev; men eg segjer dykk: Ikkje ein gong Salomo i all sin herlegdom var so klædd som ei av deim.

28 Klæder no Gud soleis graset på marki, det som stend i dag og vert kasta i omnen i morgon, kor mykje heller vil han då ’kje klæda dykk, de fåtruande!

29 So tenk no ’kje de heller allstødt på kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat ’kje hugen vanka for vidt!

30 Det er heidningarne kring i verdi som spør etter alt dette; men far dykkar veit at de treng desse ting.

31 Søk heller hans rike, so skal de få dette attpå!

32 Ottast ikkje, du vesle hjord! Det er far dykkar’s vilje å gjeva dykk riket!

33 Sel det de hev, og gjev sælebotsgåvor! Gjer dykk pungar som ikkje vert utslitne, ein skatt som aldri tryt, i himmelen, der ingen tjuv kjem innåt, og ingen mol øyder!

34 For der skatten dykkar er, der vil og hjarta dykkar vera.

35 Bind livgjordi um dykk, og lat lykterne brenna!

36 Ver de som folk som ventar på herren sin til han bryt upp frå brudlaupet, so dei kann lata upp for honom med same han kjem og bankar på!

37 Sæle dei tenarar som herren finn vakande når han kjem! Det segjer eg dykk for visst: Han skal binda livgjordi um seg og føra deim til bords, og koma og setja fram for deim.

38 Anten han kjem midt på natti eller når det lid ut i otta – sæle er dei når han finn det so.

39 Men det skynar de nok, at dersom husbonden visste kva tid og time tjuven kom, so vakte han og let ingen brjota seg inn i huset.

40 So ver reiduge de og! For Menneskjesonen kjem på ei tid de ikkje tenkjer.»

41 Peter spurde: «Herre, er det åt oss du segjer denne likningi, eller åt alle andre med?»

42 Då sagde Herren: «Ja, kvar er han, den trugne hushaldaren, den vituge som husbonden vil setja yver tenestfolket sitt, so han skal lata deim få kosten sin i rett tid?

43 Sæl den tenar som husbonden finn so gjerande, når han kjem!

44 Det segjer eg dykk for visst: Han skal setja honom yver alt det han eig.

45 Men dersom tenaren segjer med seg: «Herren min drygjer nok endå ei stund,» og han so tek til å slå drengjerne og gjentorne og eta og drikka og fylla seg,

46 då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar, og ein time han ikkje veit av, og hogga honom sund, og lata honom få sin lut i lag med dei utrue.

47 Den tenaren som veit kva herren hans vil, og ingen ting steller i stand eller gjer av det som han vil, skal få mykje hogg,

48 men den som ikkje veit det, og gjer det som hogg er verdt, skal få mindre. Av den som mykje hev fenge, ventar ein mykje, og den dei hev trutt mykje til, krev dei so mykje meir av.

49 Eg er komen for å kasta eld utyver jordi, og kor gjerne eg vilde at det alt hadde fata!

50 Men eg lyt ganga igjenom ein dåp, og kor eg gruvar meg til det er gjort!

51 Trur de eg er komen for å skapa fred på jordi! Nei, segjer eg dykk, men strid!

52 Heretter skal fem i same huset liggja i strid med kvarandre, tri mot tvo, og tvo mot tri,

53 far mot son, og son mot far, mor mot dotter, og dotter mot mor, vermor mot sonekona, og sonekona mot vermor.»

54 Til folket og sagde han: «Når de ser det stig sky upp i vest, segjer de straks: «Det kjem regn,» og det vert so.

55 Og ser de vinden blæs ifrå sud, segjer de: «Det vert heitt,» og so vert det!

56 Hyklarar! Jord- og himmels-bragdi veit de å granska; korleis hev det seg då at de ikkje veit å granska denne tidi?

57 Og kvi dømer de ikkje frå dykk sjølve kva rett er?

58 Soleis når du gjeng for retten med motparten din, gjer deg då fyre, so du kann koma tilliks med honom på vegen! Elles dreg han deg gjerne for domaren, og domaren sender deg yver til futen, og futen set deg i fengsel;

59 du slepp ikkje ut att, segjer eg deg, fyrr du hev greidt alt, til siste skjerv.»

Continuar Lendo