Connect with us

Bíblia NORSMB

Lucas 5

1 Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;

2 då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.

3 Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.

4 Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»

5 «Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge,» svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»

6 So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.

7 Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.

8 Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»

9 For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;

10 og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»

11 So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.

12 Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!»

13 Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom.

14 Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.»

15 Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine.

16 Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkerne og bad.

17 Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja.

18 Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,

19 men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus.

20 Då Jesus såg trui deira, sagde han: «Synderne dine er tilgjevne, mann!»

21 Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein – Gud?»

22 Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?

23 Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!»

24 Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» – sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!»

25 Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud.

26 Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.»

27 So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!»

28 Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.

29 Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim.

30 Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?»

31 Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.

32 Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.»

33 So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!»

34 Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg?

35 Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.»

36 Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle.

37 Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst.

38 Ny vin lyt ein hava på nye lerflaskor.

39 Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug på ny vin. «Den gamle er best!» segjer han.»

Continuar Lendo