Connect with us

Bíblia NORSMB

Naum 3

1 Usæl du blod-by, som all igjenom er full av lygn og vald, du som aldri held upp med å rana.

2 Høyr svepesmell og ramling av hjul og hestar i flog og hoppande vogner!

3 Ridar i tvisprang og logande sverd og blinkande spjot! Drepne i mengd og dungar av daude kroppar. Ingen ende er det på daude. Ein snåvar i lik.

4 Alt dette for den mangfelte hordomen som ho dreiv, ho, den fagre og trollkunnige skjøkja, som selde folkeslag ved hordomen sin og folke-ætter ved trolldomskunsterne sine.

5 Sjå, eg skal venda meg mot deg, segjer Herren, allhers drott. Eg skal lyfta kjolefalden din upp yver andlitet ditt og syna folkeslagi blygsli di og kongeriki skammi di.

6 Eg skal kasta saur på deg og svivyrda deg. Ja, til eit skodespel skal eg gjera deg.

7 Og kvar og ein som ser deg, skal fly frå deg og segja: «Nineve er lagt i øyde. Men kven kann tykkja synd i henne? Kvar skal eg søkja trøystarar åt deg?»

8 Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilelvi, umringa av vatn, med hav til vern, hav til mur?

9 Ætiopar i mengd og uteljande egyptarar; Put-menner og Libya-menner var hjelpeheren hennar.

10 Ho og laut ganga ut i utlægd, sitja fange. Småborni hennar vart krasa på alle gatehyrno. Um alle gjævingarne hennar kasta dei lut, og alle hennar stormenner vart sette i jarn.

11 Du skal og drikka og verta sanselaus. Du og skal søkja ei livd imot fienden.

12 Alle dine borger likjest på fiketre med snar-mogne fikor; ved minste skaking dett dei i munnen på den som vil eta.

13 Sjå, ditt mannskap er kvinnfolk midt i deg. Portarne til landet ditt stend vidopne for dine fiendar. Elden hev øydt upp dine portslåer.

14 Aus deg vatn til kringsetjingi! Vøl um dine skansar! Gakk ut gyrma og stampa leira! Triv tiglsteinsformi!

15 Der skal elden eta deg, sverdet øyda deg ut, ja, øyda deg som engspettor, um du og sjølv samlar skarar so tallause som engspettor, ei ovmengd som grashoppar.

16 Um du og hev kræmarar fleire enn stjernor på himmelen, so skal du vita: engspettor skyt hamen og flyg burt.

17 Ja, fyrstarne dine er som grashoppar og hovdingarne dine som svermar av engtytor; dei slær læger i hegni med det er svalt. Men når soli kjem fram, flyg dei burt, og ingen veit kvar det vert av deim.

18 Hyrdingarne dine blundar, du Assur-konge, gjævingarne dine søv. Folket ditt sundsprengt på fjelli, og ingen samlar det saman.

19 Ditt mein er ulækjande, ditt sår er til ulivs. Ved tiendi um deg klappar alle i handi. For kven hev ikkje din vondskap råka stødt og stendigt?

Continuar Lendo