Connect with us

Bíblia NORSMB

Naum 2

1 Sjå, yver fjelli føterne åt honom som ber fagnadbod, han som forkynner fred! Haldt dine høgtider, Juda, fullgjer dine lovnader! For aldri meir skal nidingen draga imot deg – mot rot han uppriven.

2 Ein folkeøydar fer upp imot deg. Vakta vollarne! Haldt utkik på vegen! Umgyrd lenderne, samla all di kraft!

3 For Herren vil reisa upp att stordomen åt Jakob liksom stordomen åt Israel, sidan ransmenner so hev øydt deim og tynt vintrei deira.

4 Skjoldarne åt kjemporne hans er raudlita, stridsmennerne er klædde i skarlak, vognerne i eld og stål når han herbur deim, og spjot vert svinga.

5 På vegarne rasar vognerne fram. Dei andferst på torgi. Dei er å sjå til som logar, som eldingar fer dei fram.

6 Han kjem i hug storfolket sitt, dei snåvar der dei gjeng, dei styrmer til bymuren, men skjoldtaket er reist.

7 Elve-portarne vert opna, og kongsgarden sig saman.

8 Ja, domen stend fast: ho vert nækt, dragsa burt. Ternorne hennar græt som duvor, dei slær seg for bringa.

9 I all si tid var Nineve lik ein dam, rik av vatn, men no flyr dei burt. Stogga! Stogga! – Nei, ingen snur seg.

10 Rana no sylv, rana no gull! Her tryt det ikkje på skattar, på nøgdi av allskyns dyrverdige ting.

11 Tomt, tomleik, tøming! – Hjartestøkk, kneskjelv og verk i alle mjødmar, og alle andlit skifter liter.

12 Kvar er no løvehiet, etar-staden åt ungløvorne, der løva og løvemori gjekk, og løve-ungen, og ingen skræmde deim?

13 Kvar er løva som rana so mykje som ungarne vilde hava, og drap åt løvemøderne, ja, fyllte upp holorne sine med ran og hii sine med det sundrivne? Sjå, eg skal venda mot deg, segjer Herren, allhers drott. Vognerne dine skal eg lata ganga upp i røyk, og dine unge løvor skal sverdet øyda. Eg skal rydja ditt rov ut frå jordi. Og ingen skal meir høyra røysti åt dine sendemenner.

Continuar Lendo