Connect with us

Bíblia NORSMB

Juízes 6

1 Men Israels-sønerne gjorde det som var Herren imot. Då gav han deim i Midjans hender.

2 I sju år hadde midjanitarne yvermagti yver Israel; det var for deira skuld Israels-sønerne gjorde seg dei løyndeholi som er i åsarne, og hellerarne og fjellborgerne.

3 Kvar gong Israel hadde sått, kom Midjan yver deim, og like eins Amalek og austmennerne;

4 dei lægra seg midt imot deim og øydde grøda i landet radt burtåt Gaza, og leivde ikkje ein matbite i Israel, og ingen sau, eller ukse, eller asen.

5 For dei kom dragande med buskapen og tjeldbuderne sine, so tett som grashoppar; det var ’kje tal på deim og kamelarne deira, og kvar dei for fram, lagde dei landet i øyde.

6 Israel vart reint utarma av herjingarne deira, og Israels-sønerne ropa til Herren.

7 Då Israels-sønerne ropa til Herren for Midjans skuld,

8 då sende Herren ein profet til deim, og han sagde: «So segjer Herren, Israels Gud: «Eg førde dykk upp frå Egyptarland, og henta dykk ut or slavehuset,

9 og fria dykk frå egyptarane og frå alle deim som for ille med dykk; eg jaga deim burt for dykk, og gav dykk landet deira;

10 og eg sagde til dykk: «Eg er Herren, dykkar Gud; de skal ikkje ottast gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i!» Men de høyrde ikkje på ordi mine.»»

11 Og Herrens engel kom og sette seg under den eiki som stend i Ofra, der Joas av Abiezer-ætti rådde. Gideon, son åt Joas, stod då i vinpersa og banka utor noko kveite, so han kunde få berga det for midjanitarne.

12 Og Herrens engel synte seg for honom, og sagde til honom: «Herren er med deg, du djerve kjempa!»

13 «Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»

14 Då snudde Herren seg til honom, og sagde: «Gakk i veg so sterk som du er, so skal du berga Israel or Midjans vald. Det er eg som sender deg!»

15 «Orsaka, Herre!» svara Gideon. «Korleis kann eg berga Israel? Ætti mi er då den veikaste i Manasse, og sjølv er eg den yngste av folket mitt.»

16 «Eg skal vera med deg,» sagde Herren, «og du skal slå midjanitarne ned som ein mann.»

17 Då sagde Gideon: «Hev du noko godvilje for meg, so gjev meg eit merke på at det er du som talar med meg!

18 kjære, flyt deg ikkje herifrå fyrr eg kjem ut til deg med gåva mi og legg henne fram for deg!» Og han svara: «Eg skal bia til du kjem att.»

19 So gjekk Gideon inn, og stelte til eit kid, og tok ei skjeppa mjøl og lagde søtebrød av. Kjøtet lagde han i gryta, og sodet hadde han i ei krukka. So bar han det ut til honom under eiki og sette det fram.

20 Då sagde Guds engel til honom: «Tak kjøtet og søtebrødet, og legg det på dette berget, og slå sodet utyver!» So gjorde han det.

21 Og Herrens engel rette fram staven som han hadde i handi, og stakk burti kjøtet og søtebrødet. Då slo det eld upp or berget, og øydde kjøtet og brødet, og Herrens engel kvarv burt for augo hans.

22 Då Gideon såg at det var Herrens engel, ropa han: «Å Herre min Gud! Korleis skal det ganga meg, som hev set Herrens engel andlit til andlit!»

23 Men Herren sagde til honom: «Ver trygg! Ver ikkje rædd! Du skal ikkje døy.»

24 Då bygde Gideon der eit altar for Herren, og kalla det: «Herren er mi trygd.» Det altaret stend endå i dag i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.

25 Um natti sagde Herren til Gideon: «Tak stuten åt far din, den raude, sjuårsgamle stuten, og riv ned Ba’als-altaret åt far din, og fell det heilage treet som stend innmed det!

26 Legg steinarne til rettes, og bygg av deim eit altar for Herren, din Gud, øvst uppå denne borgi! Tak so den raude stuten, og brenn honom til eit offer med veden av det treet som du skal hogga ned!»

27 Då tok Gideon ti av sveinarne sine med seg, og gjorde som Herren hadde sagt til honom; men han torde ikkje gjera det um dagen; han var rædd ætti si og bygdefolket; difor gjorde han det um natti.

28 Då mennerne i bygdi reis upp um morgonen, fekk dei sjå at Ba’als-altaret var nedrive, og at det heilage treet som stod der, var felt, og at den raude stuten var ofra på det nybygde altaret.

29 Då sagde dei seg imillom: «Kven kann ha gjort dette?» Og då dei spurde og granska etter, fekk dei vita at det var Gideon Joasson som hadde gjort det.

30 So sagde dei til Joas: «Send son din ut til oss! Han skal døy, for di han hev rive ned Ba’als-altaret, og for di han hev felt det heilage treet som stod innmed det!»

31 Men Joas sagde til alle deim som stod kringum honom: «Vil de tala Ba’als sak? Vil de hjelpa honom? Den som gjer seg til hans talsmann, skal lata livet fyrr det vert morgon. Er han Gud, so lat honom sjølv greida si sak og taka hemn yver den som hev rive ned altaret hans!»

32 Den dagen fekk Gideon namnet Jerubba’al, av di dei sagde: «Lat Ba’al hemna seg på honom for di han hev rive ned altaret hans!»

33 No hadde alle midjanitarne og amalekitarne og austmennerne samla seg i hop, og dei for yver Jordan, og lægra seg på Jizre’elsletta.

34 Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abiezer-ætti flokka seg um honom.

35 So sende han bod ut i heile Manassefylket, og dei samla seg og, og fylgde honom. Og til Asser og Sebulon og Naftali sende han bod; og dei for til møtes med Manasse-mennerne.

36 Og Gideon sagde til Gud: «Er det so at du vil frelsa Israel ved mi hand, som du hev sagt,

37 so høyr meg: No legg eg dette sauskinnet på tråkki; kjem det so dogg berre på skinnet, og heile marki er turr, då veit eg at du vil berga Israel ved mi hand, som du hev sagt.»

38 Og soleis vart det. For då han andre morgonen reis upp og klemde i hop skinnet, vreid han utor det so mykje dogg at det vart ei heil skål full med vatn.

39 Då sagde Gideon til Gud: «Ver ikkje vond på meg, um eg talar endå ein gong! Eg vilde so gjerne få gjera ei prøve til med skinnet! Kjære, lat skinnet vera turt, med heile marki er dogga!»

40 Og natti etter gjorde Gud som han bad! Skinnet heldt seg turt, men heile marki var dogga.

Continuar Lendo