Connect with us

Bíblia NORSMB

Hebreus 10

1 For sidan lovi berre hev ein skugge av dei tilkomande gode ting, men ikkje sjølve bilætet av tingi, so kann ho aldri ved dei same årlege offer som dei stødt ber fram, gjera deim fullkomne som kjem fram med deim.

2 Elles hadde dei vel halde upp med å bera deim fram, då dei ofrande ikkje lenger vilde havt synder på samvitet når dei ein gong var reinsa.

3 Men ved deim kjem årlegårs minning um synder.

4 For det er umogelegt at blod av uksar og bukkar kann taka burt synder.

5 Difor segjer han, då han stig inn i verdi: «Offer og gåva vilde du ikkje hava, men ein likam laga du åt meg;

6 brennoffer og syndoffer hadde du ikkje hug på.

7 Då sagde eg: «Sjå, eg kjem – i bokrullen er det skrive um meg – og vil gjera, Gud, din vilje.»»

8 Fyrst segjer han: «Offer og gåva og brennoffer og syndoffer vilde du ikkje hava, og du hadde ikkje hug på deim» – endå dei vert framborne etter lovi -;

9 so segjer han: «Sjå, eg kjem og vil gjera din vilje.» Han tek burt det fyrste, for at han kann setja inn det andre.

10 Med denne vilje er me helga ved ofringi av Jesu Kristi likam ein gong for alle.

11 Og kvar prest stend der og gjer dagstødt tenesta og ber fram mange gonger dei same offer, som aldri kann taka burt synder;

12 men han hev bore fram eit einaste offer for synder og hev so for alltid sett seg ved Guds høgre hand

13 og ventar sidan berre på at hans fiendar skal verta lagde til skammel for føterne hans.

14 For med eit einaste offer hev han for alltid gjort deim fullkomne som vert helga.

15 Men det vitnar og den Heilage Ande for oss; for etter han hev sagt:

16 «Dette er den pakti som eg vil gjera med deim etter dei dagarne,» so segjer Herren: «Eg vil gjeva loverne mine i hjarto deira, og skriva deim inn i hugen deira,

17 og synderne deira og misgjerderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»

18 Men der det er forlating for deim, der trengst det ikkje lenger noko offer for synd.

19 So hev me då, brør, i Jesu blod frimod til å ganga inn i heilagdomen,

20 som han hev vigt oss ein ny og livande veg til, gjenom forhenget, det er hans kjøt,

21 og me hev ein stor prest yver Guds hus.

22 Difor, lat oss stiga fram med eit sannferdelegt hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på likamen med reint vatn!

23 Lat oss halda uruggeleg fast på å vedkjennast voni, for han er trufast som gav lovnaden,

24 og lat oss agta på kvarandre, so me kveikjer kvarandre til kjærleik og gode gjerningar

25 og ikkje skil oss frå vår eigi samling som sume hev for skikk, men påminner kvarandre, og det so mykje meir som de ser kor det lid mot dagen.

26 For syndar me med vilje når me hev lært å kjenna sanningi, då er det ikkje att meir noko offer for synder,

27 men berre ei fælande gruv for dom og ein logande brennhug som skal eta upp dei motstridige.

28 Når nokon hev brote Mose lov, so døyr han utan miskunn etter ord av tvo eller tri vitne;

29 kor mykje verre refsing trur de då den skal verta kjend verd, som hev trødt Guds Son under føter og vanvyrdt paktblodet som han vart helga med, og svivyrdt nådens Ande!

30 For me kjenner honom som hev sagt: «Hemnen høyrer meg til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.» Og atter: «Herren skal døma sitt folk.»

31 Det er gruelegt å falla i henderne på den livande Gud.

32 Men kom i hug dei framfarne dagar, då de, etter de var upplyste, tolde mykjen strid i lidingar,

33 med di de snart sjølve ved hædingar og trengslor vart til ei bisn, snart var samlidande med deim som var so farne!

34 For de hadde og samhug med fangarne, og de bar det med gleda at dykkar gods vart rana, då de visste at de sjølve hadde ein betre og varande eigedom.

35 Kasta difor ikkje burt dykkar frimod, som hev stor løn!

36 For de treng til tolmod, so de kann nå lovnaden når de hev gjort Guds vilje.

37 For endå er det berre so stutt ei stund, so kjem han som koma skal, og han skal ikkje drygja.

38 «Men den rettferdige, ved tru skal han liva;» og: «Um nokon dreg seg undan, so hev mi sjæl ikkje hugnad i honom.»

39 Men me er ikkje av deim som dreg seg undan til fortaping, men av deim som trur til frelsa for sjæli.

Continuar Lendo