Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 13

1 Og Herren tala atter til Moses og sagde:

2 «Alt frumbore hjå Israels-folket skal du vigja åt meg, alt som kjem fyrst frå morsliv: anten det er folk eller fe, so høyrer det meg til.»

3 Og Moses sagde til folket: «Kom i hug den dagen då de slapp ut or Egyptarland, or slavehuset! For det var Herren som med si sterke hand leidde dykk ut. Då skal de ikkje eta surbrød!

4 I dag er det de tek ut, i aksmånaden.

5 Når då Herren hev fylgt deg til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og hevitarne og jebusitarne, det som han lova federne dine å gjeva deg, eit land som fløymer med mjølk og honning, då skal du halda gudstenesta på denne visi i denne same månaden;

6 sju dagar skal du eta søtt brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtid for Herren.

7 Søtt brød skal du eta alle dei sju dagarne; ikkje må det finnast surbrød i ditt eige, og ikkje surdeig, so langt som du råder.

8 Og same dagen skal du gjera dette kunnigt for son din, og segja: «Det er til minne um det som Herren gjorde for meg, då eg for frå Egyptarland.»

9 Og det skal vera som det var rita i handi di, og som det stod skrive framfor augo dine, so Herrens lov kann vera på munnen din. For med sterk hand leidde Herren deg ut or Egyptarland.

10 So skal du då gjere etter denne fyresegni år etter år, på den tid som er sett.

11 Og når Herren hev fylgt deg til Kana’ans-landet, som han lova deg og federne dine, og hev gjeve deg det,

12 då skal du eigna åt Herren alt som kjem fyrst frå morsliv. Alt det fyrste som fell undan det feet du eig, og som er han av slaget, det skal høyra Herren til.

13 Det fyrste følet som fell undan kvart asen, skal du løysa med eit lamb eller kid, og løyser du det ikkje, so skal du brjota nakken på det. Men kvart mannebarn – kvart sveinbarn i ætta di – som er frumbore, skal du løysa.

14 Når då son din sidan spør deg: «Kva tyder dette?» so skal du svara: «Med sterk hand leidde Herren oss ut or Egyptarland, or slavehuset.

15 For det gjekk slik til at då Farao gjorde seg hard og ikkje vilde lata oss fara, då slo Herren i hel alt som frumbore var i Egyptarland, både av folk og av fe. Difor ofrar eg til Herren alt det som kjem fyrst frå morsliv og er han av slaget, men eg løyser kvart sveinbarn i ætti mi som er frumbore.

16 Og det skal vera som det var rita i handi di og skrive millom augo dine at Herren med si sterke hand leidde oss ut or Egyptarland.»»

17 Då Farao hadde gjeve folket lov til å fara, so førde Gud deim ikkje på den vegen som bar til Filistarlandet, endå det var den næmaste. Han tenkte dei kunde koma til å angra seg, når dei møtte ufred, og so fara attende til Egyptarlandet;

18 Difor laga Gud det so, at dei svinga inn på den vegen som gjekk gjenom villmarki, til Raudehavet. So for då Israels-mennerene stridsbudde ut or Egyptarlandet.

19 Og Moses tok beini av Josef med seg; for Josef hadde teke eiden av Israels-sønerne og sagt: «Når Gud kjem og hentar dykk, so skal de taka beini mine med dykk herifrå.»

20 So tok dei ut frå Sukkot, og leira seg i Etam, tett innmed øydemarki.

21 Og Herren gjekk fyre deim um dagen i ein skystopul, som leidde deim rette vegen, og um natti i ein eldstopul, som lyste for deim, so dei kunde fara natt og dag.

22 Skystopulen kvarv ikkje frå folket um dagen, og eldstopulen ikkje um natti.

Continuar Lendo