Connect with us

Bíblia NORSMB

Êxodo 11

1 Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.

2 Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»

3 Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.

4 Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.

5 Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.

6 Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.

7 Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»

8 Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.

9 Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet,»

10 so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.

Continuar Lendo