Connect with us

Bíblia NORSMB

2 Samuel 19

1 Joab spurde at kongen gret og syrgde yver Absalom.

2 Sigeren vart soleis umskift til ei stor folkesorg den dagen. For herfolket høyrde gjete den dagen at kongen bar sorg for son sin.

3 Folket stal seg inn i byen den dagen, soleis som folk plar gjera når dei skjemmest av di dei hev rømt frå slaget.

4 Kongen hadde sveipt eit plagg kring andlitet sitt, og jamra med høgt mål: «Absalom, son min! Absalom, son min, son min!»

5 Då gjekk Joab inn i huset til kongen og sagde: «Du hev i dag fenge alle tenarane dine til å raudna av skam, endå dei i dag hev berga ditt liv og berga livet åt sønerne og døtterne dine, åt konorne og fylgjekonorne dine.

6 Du elskar då deim som hatar deg, og hatar deim som elskar deg. Du hev kunngjort i dag at hovdingarne og tenarane dine er inkjevetta for deg. Eg skynar det no, at det vilde du ha lika godt: um Absalom hadde vore i live, og alle me andre no vore drepne.

7 Ris upp! gakk ut, og tala venleg med tenarane dine! Det sver eg ved Herren: Gjer du ikkje det, so vil ikkje ein einaste mann natta yver hjå deg i natt. Og det vil verta større ulukka for deg enn alle andre ulukkor som hev kome yver frå din ungdom til no.»

8 Då reis kongen upp og sette seg i porten. Det vart kunngjort for alt herfolket: «Sjå kongen sit no i porten.» Då kom dei alle fram for kongen. Israel hadde rømt kvar til seg.

9 Og alt folket i alle Israels ætter tok til å tretta med kvarandre og segja: «Kongen var det som fria oss frå fiendarne våre og berga oss frå filistarane. No hev han lote røma landet for Absalom.

10 Absalom, som me salva til konge yver oss, han er drepen i krigen. Kvifor drygjer de då med å få kongen attende?»

11 Alt dette vart bore fram for kongen der han heldt seg. David sende bod til prestarne Sadok og Abjatar og bad deim bera fram dette bodet: «Tala so til dei øvste i Juda: «Kvifor vil det vera dei siste til å henta kongen heim att til kongsgarden?»

12 De er brørne mine! me er då same folket! kvifor vil de då vera dei siste til å henta kongen attende?»

13 Til Amasa bad han deim segja: «Er ikkje me same folket? Gud late meg bøta no og sidan, um ikkje du skal verta herhovdingen min for alle tider i staden hans Joab.»

14 Han vann soleis Juda-mennerne alle som ein, so dei sende dette bodet til kongen: «Kom heim att, du og alle tenarane dine!»

15 Då snudde kongen på heimvegen og kom til Jordan. Juda-folket møtte kongen i Gilgal og førde honom yver Jordan.

16 Og benjaminiten Sime’i Gerason frå Bahurim skunda seg og drog ned med Juda-folket og møtte kong David.

17 Med honom fylgde tusund mann frå Benjamin. Like eins kom Siba, sveinen åt Sauls-ætti, med femtan søner og tjuge tenarar. Dei kom fram til Jordan fyre kongen.

18 Dei ferja yver og førde kongslyden yver, og heldt på å ferja so som kongen ynskte. Sime’i Gerason fall å gruve for kongen då han skulde fara yver Jordan.

19 «Herre!» sagde han, «du må ikkje rekna på illgjerningi mi, og ikkje koma i hug kor ille tenaren din gjorde den dagen du, herre konge, drog ut frå Jerusalem! Bry deg ikkje um det, konge!

20 Tenaren din skyner eg forsynda meg mot deg den gongen. Difor er eg i dag den fyrste av heile Josefs hus som er komen til å møta deg, herre konge!»

21 Abisai Serujason tok til ords og sagde: «Skulde ikkje Sime’i lata livet for dette, at han banna den som Herren hev salva?»

22 Men David svara: «Kva hev eg med dykk, Seruja-søner, med di de er motmennerne mine i dag? Ingen mann i Israel skal lata livet i dag. Eg veit: i dag hev eg vorte konge yver Israel.»

23 So sagde kongen til Sime’i: «Du skal ikkje døy!» Og kongen gjorde eid på det.

24 Mefiboset, soneson åt Saul, hadde og fare ned og møtt kongen. Han hadde ikkje vølt føterne sine, ikkje greidt skjegget sitt, og heller ikkje vaska klædi sine frå den dagen kongen drog burt, heilt til den dagen han kom att med heilo.

25 Då no kom til Jerusalem og møtte kongen, spurde kongen honom: «Kvifor fylgde du ikkje med meg, Mefiboset?»

26 Han svara: «Herre konge, tenaren min sveik meg. Eg sagde: «Eg vil sala asnet mitt, stiga uppå og rida med kongen; du veit eg er lam.»

27 Men han hev i staden loge på meg for deg, herre konge. Like vel: du, herre konge, er som Guds engel; gjer det du tykkjer best!

28 Heile farshuset mitt fortente ikkje anna enn daudedom av deg, herre konge! endå sette du meg millom deim som fekk eta ved ditt bord. Kva hev eg då rett å krevja meir? Og kva kann eg meir beda kongen um?»

29 Kongen svara: «Du tarv ikkje tala meir um det! Eg segjer: Du og Siba skal hava kvar sin lut av jordeigedomen.»

30 Mefiboset svara kongen: «Han må gjerne eiga alt i hop, sidan du, herre konge, no hev kome att til kongsgarden med heilo.»

31 Barzillai frå Gilead hadde og fare ned frå Rogelim, og drog so med kongen til Jordan og fylgde honom yver Jordan.

32 Barzillai var då ovleg gamall, åtteti år. Han hadde sytt for kongen medan han heldt til i Mahanajim; for han var ein rik mann.

33 Kongen baud no Barzillai: «Du skal fylgja meg; so vil eg syta for deg hjå meg i Jerusalem.»

34 Men Barzillai svara: «Kor lang tid hev eg att å liva, so eg skulde fylgja kongen upp til Jerusalem?

35 Eg er no åtteti år, eg. Kann eg då skilja millom godt og låkt? Eller kann eg smaka kva eg et eller drikk? Eller kann eg njota å lyda på songarar og songmøyar? Kvifor skulde eg då meir vera til bry for deg, herre konge?

36 Berre eit stykke på veg vilde tenaren din fara med kongen yver Jordan. Kvifor skulde kongen gjeva meg vederlag soleis?

37 Lat tenaren din fara heim att og døy i heimbyen min, der som far og mor ligg gravlagde! Men her er Kimham, tenaren din! Lat honom fylgja med deg, herre konge, og gjer for honom det du tykkjer!»

38 Kongen svara: «So skal Kimham fylgja med meg. Og eg vil gjera mot honom det du ynskjer. Og alt du bed meg um, skal eg gjera.»

39 So gjekk alt folket yver Jordan; og kongen sjølv gjekk yver. Kongen kysste Barzillai og tok farvel med honom. Og so vende han heim att.

40 Kongen drog til Gilgal. Kimham fylgde med, og alle Juda-mennerne. Saman med helvti av Israels-mennerne førde dei kongen dit yver.

41 Då kom alle Israels-mennerne til kongen og sagde: «Kvifor hev brørne våre, Juda-mennerne, stole seg til å få tak i deg og føra kongen og lyden hans og alle Davids-tenarane yver Jordan?»

42 Juda-mennerne svara Israels-mennerne: «Kongen stend då næmare oss. Kvifor er de harme for det? Hev me livt på kongen, eller fenge nokor gåva?»

43 Israels-mennerne svara Juda-mennerne: «Ti gonger større lut enn de hev me i honom som er konge, soleis ogso i David. Kvifor hev de vanvyrdt oss? Var det ikkje me som fyrst tala um å henta kongen vår heim?» Det svaret Juda-mennerne gav, var endå argare enn det Israels-mennerne hadde gjeve.

Continuar Lendo