Connect with us

Bíblia NORSMB

Levítico 13

1 Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:

2 «Når nokon fær notror eller utbrot eller ein ljos flekk på hudi, og det synest laga seg til spillsykja på likamen hans, so skal dei koma til Aron, øvstepresten, med honom, eller til ein av dei hine prestarne, Arons-sønerne.

3 Presten skal skoda dei såre flekkjerne på hudi, og dersom det synest liggja djupare enn skinnet, og håri på dei hev kvitna, so er det spillsykja, og med same presten ser det, skal han segja mannen urein.

4 Er det ein kvit sårkeflekk han hev fenge på hudi, og flekken ikkje synest liggja djupare enn skinnet, og håri på honom ikkje hev kvitna, so skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.

5 Den sjuande dagen skal han sjå honom yver; tykkjer han då at sårken hev stana og ikkje breidt seg vidare ut yver hudi, so skal han halda mannen innestengd i sju dagar til.

6 Når dei er lidne, skal presten sjå honom yver ein gong til, og dersom den såre flekken hev vorte dim, og ikkje hev ete um seg på hudi, so skal han segja mannen rein; for då er det berre eit meinlaust utbrot; han skal två klædi sine, so er han rein.

7 Men et utbrotet meir og meir um seg på hudi hans etter han synte seg fram for presten og bad at han vilde segja honom rein –

8 ser presten, når den sjuke synar seg fram for honom andre venda, at utbrotet på hudi hev auka, so skal han segja honom urein; for då er det spillsykja.

9 Når ein hev fenge spillsykja, so skal dei koma til presten med honom.

10 Ser då presten kvite notror på hudi, som håri hev kvitna på, og som det gror villkjøt i,

11 So er det gamall spillsykja i hudi på likamen hans, og då skal presten segja honom urein; han treng ikkje fyrst stengja honom inne; for han er alt urein.

12 Bryt spillsykja ut so sterk at ho dekkjer heile hudi, frå hovud til fot, på den som er sjuk, kvar so presten fester augo sine –

13 ser presten, når han skodar den sjuke, at spillsykja hev breidt seg ut yver heile likamen hans, so skal han segja honom rein; er han heiltupp kvit vorten, so er han rein.

14 Men so snøgt det syner seg villkjøt på honom, er han urein,

15 og når presten ser villkjøtet, skal han segja honom urein; for villkjøtet er ureint; det er spillsykja i det.

16 Gjeng villkjøtet burt att, og den sjuke vert kvit, so skal han koma til presten,

17 og når presten hev skoda honom, og set at han hev vorte kvit, so skal han segja honom rein; for då er han rein.

18 Fær nokon ein verk, og den vert lækt,

19 men det sidan kjem ei kvit notra eller ein bleikraud flekk der verken hev vore, so skal han syna seg fram for presten.

20 Presten skal sjå honom yver, og dersom flekken synest vera lågare enn skinnet, og håri på honom hev kvitna, so skal han segja mannen urein; for då hev det vore spillsykja som braut ut i verken.

21 Men ser presten at det ikkje er kvite hår på flekken, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han hev vorte dim, so skal han halda mannen innestengt i sju dagar.

22 Et so flekken vidare og vidare um seg på hudi hans, so skal presten segja honom urein; då er det sjukdom.

23 Men held flekken seg på same staden og ikkje et seg utyver, so er det berre æret etter verken, og då skal presten segja honom rein.

24 Hev nokon fenge eit brunesår på hudi, og kjøtet som gror i såret ter seg som ein bleikraud eller kvit flekk,

25 so skal presten skoda såret. Synest då flekken liggja djupare enn skinnet, og hev håri på honom kvitna, so er det spillsykja som hev brote ut i brunesåret, og presten skal segja mannen urein; det er spillsykja, det er ’kje til å taka mist av.

26 Men ser presten, når han skodar flekken, at det ikkje er kvite hår på honom, og at han ikkje er lågare enn skinnet, og at han er dim, so skal han stengja mannen inne i sju dagar.

27 Den sjuande dagen skal han sjå honom yver, og dersom flekken hev ete um seg på skinnet hans, so skal presten segja honom urein; då er det spillsykja.

28 Men er flekken dim og hev halde seg på same staden og ikkje ete seg utyver, so er det merke etter brunesåret, og presten skal segja mannen rein; for dette er berre æret etter brunesåret.

29 Fær mann eller kvende ein sårkeflekk på hovudet eller i skjegget,

30 so skal presten skoda flekken, og dersom flekken synest liggja djupare enn skinnet, og det er tunne, grågule hår på honom, so skal presten segja det menneskjet ureint; då er det skurv, hår- eller skjeggsjuka.

31 Tykkjer presten som skodar sårkeflekken, at han ikkje ligg djupare enn skinnet, men der ikkje er svarte hår å sjå, so skal han halda den skurvute innestengd i sju dagar.

32 Den sjuande dagen skal han skoda den såre flekken, og dersom skurvet ikkje hev ete seg utyver, og det ikkje hev kome grågule hår på det, og det ikkje synest liggja djupare enn skinnet,

33 so skal den skurvute raka seg, men ikkje på skurveflekken, og presten skal halda honom innestengd i sju dagar til.

34 Når då presten den sjuande dagen skodar sårkeflekken endå ein gong, og skurvet ikkje hev ete um seg, og ikkje synest liggja djupare enn skinnet, so skal han segja den sjuke rein; han skal två klædi sine, so er han rein.

35 Er det likt til at skurvet vil eta um seg på hudi, etter den sjuke var sagd rein,

36 so skal presten sjå på honom, og ser han at skurvet hev breidt seg ut på skinnet hans, so treng han ikkje leita etter dei grågule håri; mannen er urein kor som er.

37 Men synest det for hans augo som skurvet hev stana, og hev det grott svarte hår på skurveflekken, so er sjukdomen lækt; den skurvute er rein att, og presten skal segja honom rein.

38 Fær mann eller kvende mange kvite flekkjer på likamen,

39 so skal presten sjå deim yver. Ser han då dimme, kvite flekker på skinnet deira, so er det bohak, som hev brote ut på deim, og dei er like reine for det.

40 Um ein misser håret, og vert snaud i hovudet, so er han like rein for det.

41 Fer håret av honom framantil, so han vert fleinskalla, so er han og like rein.

42 Men syner det seg bleikraude sårkeflekkjer der han er snaud, anten det er bak eller framme i hovudet, so er det spillsykja som bryt ut i nakken eller skallen hans.

43 Då skal presten skoda honom, og dersom han i nakken eller skallen hans finn bleikraude sårkenotror som likjest dei notrone ein spillsjuk kann hava på bulen,

44 so hev sjukdomen teke honom; han er urein, og presten skal med ein gong segja honom urein; han hev fenge sjuken i hovudet.

45 Den som spillsykja hev råma, lyt ganga med sundrivne klæde og uflitt hår; han skal sveipa eit plagg kring skjegget og ropa: «Urein, urein!»

46 Alt medan sjukdomen held honom, skal han gjelda for urein; for urein er han. For seg sjølv skal han bu; utanfor lægret skal han hava sitt tilhald.

47 Kjem det åtflekkjer på eit klædeplagg, ullplagg eller linplagg,

48 eller på ty som er vove eller bunde av lin- eller ullgarn, eller på ler eller noko som er gjort av ler,

49 og er flekkjerne som syner seg på klædeplagget eller på leret eller vevnaden eller bundingen, eller på noko som er gjort av ler, ljosgrøne eller raudvorne, so er det spillsykja, og det skal synast for presten.

50 Når presten hev skoda det, skal han halda det som flekkjerne er på, innelæst i sju dagar.

51 Ser han so den sjuande dagen at flekkjerne på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen eller leret, kva det so leret er nytta til, hev ete seg vidare utyver, so er det stygg spillsykja i flekkjerne; det som dei hev synt seg på, er ureint,

52 og skal brennast upp, anten det er eit klædeplagg eller vevnad eller bunding av ull eller lin, eller noko som er gjort av ler; det fylgjer fårleg sott med det; di skal det brennast upp i elden.

53 Ser presten at flekkjerne på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen eller leret ikkje hev ete um seg,

54 so skal han setja folk til å två det som flekkjerne hev synt seg på, og halda det innelæst sju dagar til.

55 Når han so skodar det etter det er tvege, og flekkjerne ikkje er annleis å sjå til enn fyrr, so er det ureint, endå skaden ikkje hev ete seg vidare utyver; det skal brennast upp i elden; for det er åt i det, på ranga eller på retta.

56 Men ser han at flekkjerne på plagget, eller på leret eller vevnaden eller bundingen, hev bleikna etter tvåtten, so skal han skjera deim ut.

57 Kjem dei att sidan, på klædeplagget eller vevnaden eller bundingen, eller på noko som er gjort av ler, so er det det vonde som bryt ut på nytt lag, og då skal ein brenna upp det som flekkjerne hev synt seg på.

58 Men dei klædi og det vovne og bundne tyet, og det leret som flekkjerne gjeng burt av når ein tvær det, det skal tvåast upp att, so er det reint.

59 Dette er lovi um åtflekkjer på ull- eller linklæde og vevnad og bunding, og allslags ting som er gjorde av ler, so de kann vita når sovore skal haldast for reint, og når det skal haldast for ureint.»

Continuar Lendo