Connect with us

Bíblia NORSMB

Esdras 6

1 Etter dette let kong Darius folk leita etter i arkivet der skattarne vart gløymde i Babel.

2 Då fann dei i borgi Ahmeta i jarleriket Media ei bokrulla, og i den stod det skrive: «Til minne:

3 I det fyrste året kong Kyrus styrde, gav kong Kyrus denne fyresegni: «Guds hus i Jerusalem, det huset skal no verta uppbygt upp att, so det vert ein stad som folk kann bera fram offer. Det skal setjast på fast grunn, og skal vera seksti alner høgt og seksti alner breidt,

4 med tri umkverv store steinar og eitt umkverv av nytt timber. Kostnaden skal greidast ut frå kongsgarden.

5 So skal og alle kjerald av gull og sylv gjevast attende, dei som Nebukadnessar tok ut or templet i Jerusalem og førde med seg til Babel; dei skal koma til templet i Jerusalem, til sin rette stad, dei skal setjast inn i Guds hus.» –

6 «Og no, du Tatnai, jarl i landi på hi sida elvi, og du Setar-Boznai, og embætsbrørne dykkar, mennerne frå Afarsak på hi sida elvi, haldt dykk burte derifrå!

7 De skal alle lata arbeidet på dette gudshuset i fred. Jarlen og styresmennerne hjå jødarne må byggja dette gudshuset den staden det skal vera.

8 Og no skal eg segja fyre korleis de skal fara åt med desse styresmennerne hjå jødarne, so dei kann få halda på med byggjingi. Det som dei treng til bygnaden, skal dei rett og reideleg få av dei innkomor som kongen hev av skatten frå landet på hi sida elvi, so arbeidet ikkje vert hindra.

9 Og det som dei treng av ungnaut og verar og lamb til brennoffer åt Gud i himmelen, kveite og salt, vin og olje, det skal dei få utan skort til kvar dag, etter uppgåva frå prestarne i Jerusalem,

10 so dei kann bera fram offer til ein god ange for Gud i himmelen, og beda for kongen og kongssønerne sitt liv.

11 Og no skal det høyra kva eg meir segjer fyre, at um nokon gjer imot dette bodet, då skal det brjotast ut ein bjelke or huset hans, og på den bjelken skal dei hengja mannen upp og negla honom fast, og huset hans skal verta gjort til ein møkdunge, av di han hev bore seg soleis.

12 Måtte so den Gud som hev late namnet sitt bu der, slå ned alle dei kongar og folk som retter handi si ut til å gjera imot dette bodet og vil gjera noko til meins for dette gudshuset i Jerusalem. Eg, Darius, hev sagt fyre alt dette. Lat det so ganga fullt etter fyresegni!»»

13 Tatnai, jarl yver landi på hi sida elvi, og Setar-Boznai og embætsbrørne deira gjorde fullt og heilt etter som det stod i fyreskrifterne frå kong Dairus.

14 Styresmennerne hjå jødarne heldt på med byggjingi, og arbeidet gjekk godt fram etter talarne åt profetarne Haggai og Zakarja Iddoson. Dei bygde og fullførde arbeidet etter fyresegn frå Israels Gud og etter fyreskrifterne frå Kyrus og Darius og Artahsasta, kongen i Persia.

15 So vart då huset fullt ferdigt til tridje dagen i månaden adar i det sette styringsåret åt kong Dairus.

16 Og Israels-sønerne, prestarne og levitarne og alle dei andre som var komne heim att or utlægdi, heldt då høgtid og vigde dette gudshuset med fagnad.

17 Ved denne vigslingi ofra dei hundrad uksar og tvo hundrad verar og fire hundrad lamb, og til syndoffer for heile Israel tolv bukkar etter talet på ætterne i Israel.

18 Dei tilsette prestarne etter skifti deira, og levitarne etter deira avdeilder til gudstenesta i Jerusalem, soleis som det var fyreskrive i Moseboki.

19 Dei som var komne heim att or utlægdi, heldt påskehelg på fjortande dagen i den fyrste månaden.

20 Prestarne og levitarne hadde då reinsa seg, kvar ein, so dei alle var reine. Dei slagta påskelamb for alle som var komne heim att or utlægdi, for brørne sine, prestarne, og for seg sjølve.

21 Israels-sønerne som var komne heim att or utlægdi, åt då saman med alle som hadde skilt seg frå ureinskapen åt heidningarne i landet og slege lag med deim, av di dei vilde søkja Herren, Israels Gud.

22 Og dei heldt søtebrødhelgi i sju dagar med fagnad. Herren sjølv hadde gjort deim glade, med di han hadde snutt hjarta åt assyrarkongen til deim, so han var med og studde deim i arbeidet på huset åt Gud, Israels Gud.

Continuar Lendo