Connect with us

Bíblia NORSMB

Atos 7

1 Då sagde øvstepresten: «Hev dette seg so?»

2 Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;

3 og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»

4 Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;

5 men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.

6 Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.

7 Og det folket som dei trælar under, vil eg døma,» sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»

8 Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.

9 Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honom

10 og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.

11 So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.

12 Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.

13 Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.

14 Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.

15 Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.

16 Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.

17 Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,

18 alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.

19 Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.

20 I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.

21 Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.

22 Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.

23 Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.

24 Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.

25 Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.

26 Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»

27 Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?

28 Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»

29 Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.

30 Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.

31 Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:

32 «Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.

33 Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.

34 Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»

35 Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.

36 Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.

37 Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»

38 Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.

39 Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:

40 «Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland – me veit ikkje kva som hev hendt honom.»

41 Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.

42 Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?

43 Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»

44 Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.

45 Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.

46 Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.

47 Men Salomo bygde honom eit hus.

48 Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:

49 «Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?

50 Hev ikkje mi hand gjort alt dette?»

51 De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!

52 Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,

53 de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»

54 Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.

55 Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.

56 Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»

57 Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.

58 Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.

59 Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»

60 Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.

Continuar Lendo