Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Crônicas 5

1 Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel – for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.

2 For Juda var nok den megtigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans vart fyrste; men odelsretten høyrde Josef til –

3 sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.

4 Sønerne åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime’i,

5 hans son var Mika, hans son Reaja, hans son Ba’al,

6 hans son Be’era, som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, førde burt til fange; han var hovding for rubenitarne.

7 Og då brørne hans med sine ætter vart uppskrivne i ættarlista etter sine ættgreiner, var det desse: Je’iel, hovdingen, og Zakarja,

8 og Bela, son åt Azaz, son åt Sema, son åt Jo’el; han budde i Aroer, og bustaderne hans nådde radt til Nebo og Ba’al-Meon.

9 Og austetter nådde bustaderne hans alt fram åt øydemarki som rekk frå Eufratelvi; for dei hadde store flokkar med fe i Gileadlandet.

10 Men i Sauls dagar låg dei i strid med hagarenarne, som då fall for handi deira; so sette dei seg til i tjeldbuderne deira etter heile austsida åt Gilead.

11 Og Gads-sønerne budde midt imot deim i Basanlandet alt til Salka:

12 Joel, hovdingen, og di næst Safan, og so Janai og Safat i Basan.

13 Og brørne deira, etter sine ættgreiner, var Mikael og Mesullam og Seba og Jorai, Jakan, Zia og Eber, sju i talet.

14 Desse var søner åt Abiha’il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Buz.

15 Ahi, son åt Abdiel, son åt Guni, var ættarhovdingen deira.

16 Og dei budde i Gilead i Basan og i dei bygderne som låg ikring, og på alle utmarkerne i Saron, so langt som dei rakk.

17 Alle desse vart uppskrivne i ættarlista i den tidi då Jotam var konge i Juda, og då Jeroboam var konge i Israel.

18 Rubens-sønerne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti, dei som var stridsføre og bar skjold og sverd og spente boge og var stridskunnige, var fire og fyrti tusund sju hundrad og seksti våpnføre menner.

19 Og dei hadde ufred med hagarenarne og Jetur og Nafis og Nodab.

20 Og dei fekk siger i striden, so hagarenarne og alle som var med deim, kom i deira hender; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, av di dei leit på honom.

21 Og dei førde burt til herfang feet deira, femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen, og hundrad tusund mann.

22 For det hadde vore eit stort mannefall, etter di striden var ifrå Gud. Og dei budde i landet deira alt til burtføringi.

23 Sønerne åt helvti av Manasse-ætti budde og der i landet frå Basan alt til Ba’al-Hermon og Senir og Hermonfjellet, og dei var mangmente.

24 Og desse var ættarhovdingarne deira: Efer og Jisi, Eliel og Azriel, Jirmeja og Hodavja og Jahdiel, stridsføre hermenner, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.

25 Men dei var utrue mot fedreguden og heldt seg med gudarne åt det folket der i landet som Gud hadde tynt for augo deira.

26 Då øste Israels Gud upp hugen hjå assyrarkongen Pul og assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde deim burt, rubenitarne og gaditarne og eine helvti av Manasse-ætti, og flutte deim til Halah og Habor og Hara og Gozanelvi, og der dei er den dag i dag.

Continuar Lendo