Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Crônicas 28

1 Og David kalla i hop alle Israels hovdingar til Jerusalem, ættarhovdingarne, hovdingarne yver herskifti som tente kongen, og hovudsmennerne yver tusund og yver hundrad, og tilsynsmennerne yver all eiga og buskapen åt kongen og sønerne hans, og dertil hirdmennerne og kjemporne og alle djerve hermenner.

2 Og kong David reis upp og sagde: «Høyr på meg, brørne mine, og folket mitt! Eg hadde tenkt meg til å byggja eit hus til kvilestad for Herrens sambandskista og for fotskammelen åt vår Gud, og eg hadde rådt meg byggjevyrke.

3 Men Gud sagde til meg: «Du skal ikkje byggja eit hus for namnet mitt; for du er ein hermann og hev rent ut blod.»

4 Men Herren, Israels Gud, valde like vel meg ut or heile farsætti mi til å vera konge yver Israel i all æva; for Juda valde han ut til å vera fyrste, og or Judas hus min fars hus, og millom sønerne åt far min hadde han hugnad i meg, og gjorde meg til konge yver Israel.

5 Og av alle sønerne mine – for Herren hev gjeve meg mange søner – valde han ut Salomo, son min, til å sitja i Herrens kongsstol yver Israel.

6 Og han sagde til meg: «Salomo, son din, er den som skal byggja huset mitt og fyregardarne mine; for honom hev eg kåra ut til son min, og eg skal vera far hans.

7 Og eg skal grunnfesta kongedømet hans for all tid, i fall han er stød til å halda bodi og loverne mine liksom no.»

8 Og no segjer eg framfor heile Israel, Herrens lyd, og for vår Gud, som høyrer det: «Haldt alle bodi frå Herren, dykkar Gud, og spør etter deim, so de kann få hava dette gode landet og lata det ganga i arv åt borni dykkar til æveleg tid!»

9 Og du Salomo, son min, lær å kjenna far din’s Gud, og å tena honom med heilt hjarta og viljug sjæl! For Herren ransakar alle hjarto og skynar alt det som rører seg i tankarne. Um du søkjer Herren, so let han deg finna honom; men vender du deg frå honom, so støyter han deg frå seg for æveleg.

10 So sjå deg no fyre; for Herren hev kåra deg ut til å byggja eit hus åt heilagdomen. Ver sterk og tak fat på verket!»

11 Og David gav Salomo, son sin, eit bilæte av forhalli og tempelbygnaderne og buderne, yversalarne og innromi og romet åt nådestolen,

12 og eit bilæte av alt det som leika i hugen hans, av tuni åt Herrens hus, og alle kovarne rundt ikring for skattarne som høyrde Guds hus til, og for dei ting som var vigde åt Herren,

13 og fyreskrifter um presteskifti og levitskifti og um all tenesta i Herrens hus, og um alle kjeraldi som skulde brukast ved gudstenesta i Herrens hus,

14 og um gullet med uppgåva på den gullvegti som kvart kjerald til gudstenesta heldt, og um all sylvkjerald med uppgåva på vegti som kvart kjerald til tenesta heldt.

15 Og han gav upp vegti på gull-ljosestakarne med gull-lamporne som til høyrde, serskilt for kvar stake og lampa, og vegti på kvar sylvljosestake med lamporne som til høyrde, etter det kvar stake skulde brukast til,

16 like eins vegti på gullet til skodebrødsbordi, kvart bord for seg, og sylvet til sylvbordi.

17 Og han gav honom fyreskrifter um gaflarne og skålerne og kannorne av skirt gull, og um gullstaupi og sylvstaupi, og gav upp vegti på kvart gullstaup og sylv staup,

18 og um røykjelsealtaret av reinsa gull etter vegt, og eit bilæte av vogni, gullkerubarne som breidde ut vengjerne og hylde Herrens sambandskista.

19 «Um alt dette,» sagde David, «som skal gjerast etter bilæte, hev Herren rettleidt meg i ei skrift frå si hand.»

20 Og David sagde til Salomo, son sin: «Ver sterk og stød og tak fat på verket; du skal ikkje ræddast og ikkje fæla. For Gud Herren, min Gud, skal vera med deg. Han vil ikkje sleppa deg og slå handi av deg, fyrr det er fullført, alt arbeidet som skal gjerast for tenesta i Herrens hus.

21 Og sjå, her er alle skifti av prestar og levitar, som skal gjera allskyns tenesta i Guds hus. Og til alt som skal gjerast, hev du hjå deg alle slag folk som er viljuge og hev fenge visdom til alle slag arbeid; dessutan er hovdingarne og alt folket reiduge til alt det du segjer deim fyre.»

Continuar Lendo