Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Coríntios 4

1 Soleis halde folk oss for Kristi tenarar og hushaldarar yver Guds løyndomar!

2 Elles vert det kravt av hushaldarar, at dei må verta funne true.

3 Men for meg hev det lite på seg å verta dømd for dykk eller av ein menneskjeleg domstol; ja, eg dømer ikkje meg sjølv di heller.

4 For vel veit eg ingen ting med meg sjølv, men med det er eg ikkje rettferdiggjord; men den som dømer meg, er Herren.

5 Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra råderne i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.

6 Dette, brør, hev eg yverført på meg sjølv og Apollos for dykkar skuld, so de må læra av oss at ein ikkje skal ganga lenger enn det som skrive stend, so ingen av dykk skal blåsa seg upp for den eine i mot den andre.

7 For kven gjev vel deg fyremun? Og kva hev du, som du ikkje hev fenge? Men um du no og hev fenge noko, kvi rosar du deg då, som um du ikkje hadde fenge det?

8 De hev alt vorte mette, de hev alt vorte rike, utan oss hev de vorte herrar; ja, gjev de hadde vorte herrar, so me og kunde vera herrar saman med dykk!

9 For eg tykkjer at Gud hev synt oss apostlar fram som dei ringaste, som dømde til dauden; for me hev vorte til ei bisn for verdi, både for englar og for menneskje.

10 Me er dårar for Kristi skuld, men de er kloke i Kristus; me er veike, men de er sterke; de er heidra, men me ærelause.

11 Til denne stund er me både hungrige og tyrste og nakne og slegne og heimlause,

12 og mødde, med di me arbeider med våre eigne hender; me vert utskjelte, og me velsignar; me vert forfylgde, og me tek det med tol;

13 me vert spotta, og me påminner; me hev vorte som avrak i verdi, utskot for alle til denne stund.

14 Eg skriv ikkje dette til vanæra for dykk, men av di de er mine kjære born, påminner eg dykk.

15 For um de hev ti tusund læremeistrar i Kristus, so hev de då ikkje mange feder; for i Kristus Jesus hev eg avla dykk ved evangeliet.

16 Eg legg dykk difor på hjarta: Vert mine etterfylgjarar!

17 Difor sende eg dykk Timoteus, som er min kjære og trufaste son i Herren, at han skulde minna dykk um mine vegar i Kristus, soleis som eg lærer alle stader hjå kvar kyrkjelyd.

18 Men sume hev blåse seg upp i von um, at eg ikkje skulde koma til dykk.

19 Men eg kjem til dykk snart, um Herren vil, og fær då læra å kjenna ikkje ordi, men krafti hjå dei uppblåsne.

20 For Guds rike stend ikkje i ord, men kraft.

21 Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og ei smålåti ånd?

Continuar Lendo