Connect with us

Bíblia NORSMB

1 Coríntios 10

1 Men eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet

2 og vart alle døypte til Moses i skyi og havet,

3 og dei åt alle den same åndelege maten

4 og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde deim; og berget var Kristus.

5 Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av deim; for dei vart nedslegne i øydemarki.

6 Men desse ting hev vorte fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde liksom dei trådde.

7 Vert ikkje heller avgudsdyrkarar liksom nokre av deim! som skrive stend: «Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.»

8 Lat oss ikkje heller driva hor, liksom nokre av deim dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!

9 Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av deim freista honom og vart tynte av hoggormar!

10 Murra ikkje heller, liksom nokre av deim murra og vart tynte av tynaren!

11 Men dette hende deim som fyredøme, men det er skrive til påminning for oss som dei siste tider er komne til.

12 Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!

13 Dykk hev ingi freisting råka som menneskje ikkje kann bera; men Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal gjera både freistingi og utgangen slik at de kann halda det ut.

14 Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!

15 Eg talar som til skynsame folk. Døm sjølv um det eg segjer!

16 Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi likam?

17 Av di der er eitt brød, er me ein likam, endå me er mange; for me er alle samhavande i det eine brødet.

18 Sjå til Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?

19 Kva meiner eg so? At avgudsoffer til? eller at ein avgud er til?

20 Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde ånder.

21 De kann ikkje drikka kalken til Herren og kalken til vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.

22 Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?

23 Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.

24 Ingen søkje bate for seg sjølv, men det som batar den andre!

25 Et alt som vert selt i slagtarbudi, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

26 For jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.

27 Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld!

28 Men um nokon segjer til dykk: «Dette er avgudsoffer,» so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld.

29 Samvitet, segjer eg, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit?

30 Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?

31 Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!

32 Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grækarar eller for Guds kyrkja,

33 liksom eg og i alt strævar å tekkjast alle, då eg ikkje søkjer det som er gagnlegt for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.

Continuar Lendo