Connect with us

Bíblia NORSMB

Números 13

1 Og Herren tala atter til Moses, og sagde:

2 «Send ut folk til å forfara Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar ætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennerne deira.»

3 So sende Moses folk ut frå Paranheidi, som Herren hadde sagt, og dei han sende var alle av dei gjævaste mennerne i Israel.

4 Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;

5 Safat, son åt Hori, av Simeons-ætti;

6 Kaleb, son åt Jefunne, av Juda-ætti;

7 Jigeal, son åt Josef, av Issakars-ætti;

8 Hosea, son åt Nun, av Efraims-ætti;

9 Palti, son åt Rafu, av Benjamins-ætti;

10 Gaddiel, son åt Sodi, av Sebulons-ætti;

11 Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;

12 Ammiel, son åt Gemalli, av Dans-ætti;

13 Setur, son åt Mikael, av Assers-ætti;

14 Nahbi, son åt Vofsi, av Naftali-ætti;

15 Ge’uel, son åt Maki, av Gads-ætti.

16 Det var dei mennerne som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.

17 Han sende dei på njosningsferd til Kana’ans-landet, og sagde til deim: «Far upp her, til Sudlandet, og tak upp i fjellet,

18 og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,

19 og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um der er læger eller borger,

20 og um jordi er feit eller skrinn, og um der er tre eller ikkje. Ver trøystuge, og tak med dykk noko av frukti i landet!» Det var då i det bilet druvorne for til å mogna.

21 So tok dei av stad, og endefor landet, alt ifrå Sinheidi til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.

22 Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne – Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. –

23 So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.

24 Den staden vart sidan heitande Eskoldalen, etter den druvekransen som Israels-sønerne skar av der.

25 Då det leid av fyrti dagar, kom dei att, og hadde endefare landet.

26 Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranheidi, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte deim frukterne frå Kana’ans-landet.

27 «Me kom til det landet du sende oss til,» sagde dei til Moses, «og det er visst at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de frukterne som veks der.

28 Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,

29 og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»

30 Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på deim, og sagde: «Jau, me vil fara dit, og leggja landet under oss; me kann godt taka det.»

31 Men dei mennerne som hadde vore med honom, sagde: «Me torer ikkje ganga imot dette folket; dei er oss for sterke.»

32 Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;

33 der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»

Continuar Lendo